Joseph Tungatalum

Joseph Tungatalum, f. 1958 
Tiwi. Japajapunga Marchfly
Munupi Arts and Crafts
Pularumpi, Melville Island,
Tiwi Islands, North regionen


Pukamani-påle

Jerntre med oker

Pukamani-pålar blir brukt av aboriginane på Tiwi-øyene i gravleggingsritualet. Ritualet er basert på drøymetidshistorier om mannen Purrukapali som mista sonen sin, Jinani, på grunn av mora Bima si forsøming. Slik blei dødelegheit brakt til menneska.

I det aller fyrste gravleggingsritualet lærte forfaderen Tokampini dei eldre mennene dei seremonielle songane og korleis dei skulle lage armringar og gravpålar. Dette gravleggingsritualet blir utført for å minne Tiwi-folket om at døden har kome til dei. Dei har berre evig liv i andeverda. I ritualet blir sterk sorg uttrykt gjennom dans og song. Teikningane på trepålane symboliserer den avdøde personens liv, eigenskapar og andelege reise. 

Pukamani-ritualet er det siste og største av ei rekkje ritual som finn stad over ein periode på fleire månader etter eit dødsfall. Den dekorerte pålen blir sett opp ved grava saman med gåver for å blidgjere den døde si sjel. Nære familiemedlemmer ber pamajini, dekorerte armband, under seremonien. Dei er vovne av pandanusblad og dekorert med kvit oker og fjær frå den kvite kakadua. Slektningane framfører nye songar komponert om den avdøde.

Den siste dansen, ambauru, blir kalla dødssongen. Den avsluttar gråtinga og seremonien. Pålane blir forlatne ved gravstaden der dei skal stå til dei rotnar bort.

Publisert 17. mars 2020 07:53 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54