Kieren Karritpul McTaggart

Kieren Karritpul McTaggart, f. 1994 
Ngen’giwumirri. Malfiyin 
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Paper bark

Bark frå tetreet
Akryl på lerret

”Eg har måla barken på tetreet. I eldre tider brukte aboriginane i Daly River-regionen denne barken til fleire ting, slik som å lage til mat og byggje husly. Ei lita hytte av tetrebark gav ly for regnet i regntida. Tetrebark blei også forma til korger. Korgene kunne brukast til å hente vatn, transportere sanka mat eller ein baby i.

Under matlaging i ein jordomn blei barken brukt til å pakke inn maten. Barken frå tetreet kunne også formast til ein liten flåte. Med den kunne ein sanke gåseegg i det høge sivet langs vasskanten.”

Mønsteret i Karritpuls bushmaterialmotiv er inspirert av strukturen til den avflekka barken på tetreet.


Coolamon

Berereiskap i tetre
Akryl på lerret

”Eg har måla ein coolamon laga av barken til tetreet. I eldre tider brukte ein å skjera og forme coolamonen med steinøks. Dei brukte den til å bera planter, vilt dei hadde fanga, eller vatn.”

Mønsteret i Karritpuls måleri er inspirert av strukturen til den avflekka barken på det trevlete tetreet, som blir brukt til å lage coolamonen.

Publisert 16. mars 2020 14:37 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54