Lawrence Nganjmirra

Lawrence Nganjmirra, f. 1976 
Kunwinjku. Mayali. Djalama klan.
Yirridja og Nabangardi underklan
Injalak Arts and Crafts Association
Gunbalanya (Oenpelli),
Western Arnhem Land,
Arnhem Land


Mimi-hunting

Mimi-jaktscene
Oker på bark

”For oss, Kunwinjku-folket frå vest i Arnhem Land, er mimiane viktige andevesen.  Mimiane lærte oss mykje av det vi treng for å overleve i bushen. Dei lever framleis i steinar, tre og holar, men menneske ser dei sjeldan. Holemåleria viser mimiane som små, aktive figurar. Eg har måla dei med jaktvåpen: spyd, woomerera, ein liten bumerang, og gravestokkar.

I dette måleriet jaktar mimiane på narbalek, ein liten steinkenguru. Den er eit ettertrakta vilt og totem for nokre av klanane. Motivet viser også ei rekkje andre dyr. Kalawan, firfirsle, er eit vanleg jaktbytte. Den har kvitt kjøtt. Ngalmangiyi, langhalsskilpadda, har fyldig kvitt kjøtt. Den legg egg i gjørma.

Kvinner har ofte med seg kunkarninj, skarpe pinnar. Dei blir brukt til å hakke rundt i gjørma for å finne egg og skilpadder. Den beste tida på året for skilpaddejakt er dei seks månadene etter kudjewk, regntida. Lambalk, ”sugar gliders”, er nattdyr som lever i skogen. Ngarrbek, piggsvin, lever av maur og termittar. Dei er ettertrakta bushmat.

I dette måleriet har eg vist både dyra og mimiane med min personlege Rarrk (skrå skraveringsstil).”

Publisert 16. mars 2020 14:39 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54