Mandy Groves

Mandy Groves, f. 1960 
Ngen’giwumirri. Merrepen 
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Pandanus-korg

Akryl på lerret

”Vi binder korger av Pandanuspalmeblad. Pandanuspalma er høg, så vi brukar ein pinne med splitta ende for å få tak i dei nye skota. Dei blir brekt ned og nappa ut. Det tjukke palmebladet er dekt av tornar langs kanten. Vi brukar ei nål for å fjerne tornekanten på kvar side av bladet. Så blir toppen splitta frå bladet og fibrane skild forsiktig i to delar. Kvar av dei blir delt i tynnare strimlar med tommelnaglen. Fibrane blir tørka i sola før dei blir farga. 

Vi brukar fargestoff frå røter, frø og bark. Fibrane blir farga gule, oransje, raude, grøne, brune og lilla. Når vi vev samlar vi ein bunt fibrar i handa, og eit fiber blir deretter rulla stramt rundt bunten. Med ei lita nål fester vi ringar av slike fiberbuntar til kvarandre. Ringane byggjer vi opp til ei korg. Vi kallar det bindingsteknikk.”

Publisert 16. mars 2020 14:21 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54