Maria Josette Orsto

Maria Josette Orsto, f. 1962 
Tiwi. Japajapunga
Tiwi Design
Nguiu Bathurst Island,
Tiwi Islands, North regionen


Kulama

Yams-seremoni
Akryl og oker på papir

”Eg har måla Kulama, vår yams-seremoni.”

Kulama er namnet på ein tradisjonell yams-seremoni. Den blir utført kvart år over alt på Tiwi-øyene. Myta som er knytt til seremonien skildrar korleis Purutjikini og kona hans Pintoma, begge bokugler, framførte den fyrste Kulama-seremonien i drøymetida.

Den gongen var kvinner og menn framleis dyr og fuglar. Den kvithovuda sjøhauken, jirakati, var den fyrste som blei initiert. Han ber framleis den seremonielle kvite okermålinga som han fekk på sine kvite hovudfjær. Seremonien inneber tillaging av cheeky-yam, ein rotfrukt som minner om søtpotet. Den blir kalla cheeky, ”frekk” yams, fordi den er giftig og berre kan etast etter nøye tillaging.

Heilt mot slutten av regntida blir det danna ein gylden ring rundt månen. Dette er månemannen, Japara, som førebur Kulama. Inne i denne ringen er det fleire stjernefolk som syng og dansar Kulama. Når aboriginane på Tiwi ser denne ringen veit dei at det er tid for å utføre seremonien. Seremonien varer i til saman tre dagar. Dei eldre samlast fyrst ved seremonistaden for å snakke og synge til forfedranes ander, slik at forfedrane skal vite at dei er der. Når resten av deltakarane kjem startar ritualet med song og dans som varer heile natta.

Om morgonen dreg alle saman ut i jungelen og grev opp yams. Dei tar dei med tilbake til seremonistaden og legg dei i vatn for å trekkje ut gifta. Medan yamsen ligg i blaut, grev dei eit stort hol i midten av seremoniplassen. Holet bli fylt av ved, steinar, lange stokkar og bitar av termitt-tuer. Dei tenner på og det blir eit stort bål. Når bålet er brent ned blir yamsen lagt på dei varme steinane og dekt av blad og jord. Dei blir steikt i jordomnen heile natta og grave ut neste morgon.

Gjennom heile natta blir det dansa og sunge Kulama-seremonisongar. Dei syng for sitt land og til sine forfedrar, om at dei må beskytte dei og ta vare på dei når dei er ute i bushen. På ettermiddagen blir den steikte yamsen dela ut. Alle deltakarane et av den for å få god helse fram til neste år når seremonien skal gjentakast. Noko av yamsen blir gnidd på armane og beina til små barn. Dette vil gjere dei trygge, sterke og sunne for resten av livet.

Dei små barna som deltek for fyrste gong blir også gjeve sitt aboriginske namn i denne seremonien. Dei store sirklane i biletet representerer seremonisirkelen som deltakarane dansar innanfor. Figuren i sentrum er ein pukamani-påle som blir brukt i gravleggingsritual på Tiwi-øyene.

Publisert 16. mars 2020 14:40 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54