Marita Sambono

Marita Sambono, f. 1968 
Ngan’gikurrungurr. Ngambu Ngambu
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Bildet kan inneholde: mønster, kunst, visuell kunst, motif, design.

Anganifinyi og apilirr

Maurpiggsvin og maur
Akryl på lerret

”Når wurrmuy, spydgraset, byrjar å sleppe frøa sine, veit vi at sesongen for maurpiggsvinjakt er komen. Dette skjer mot slutten av regntida. Maurpiggsvinet er ikkje å sjå i det heile tatt i tørketida. Maurpiggsvinet held til i steinete område der dei kan gøyme seg under steinheller, i holar og sprekkar. Det er mest aktivt om natta. 

Maurpiggsvinet lagast til ved fyrst å svi det i sterk varme over høge flammer i eit bål slik at piggane losnar. Så steikast kjøtet på glørne frå bålet. I dette måleriet kan du sjå maurpiggsvin saman med maurane dei et.” 


Bildet kan inneholde: mønster, linje, rektangel, tekstil.

Fog Dreaming

Tåka ved Marringarr
Serigrafi

”Dette er mormor mi sitt heimland Marringarr. På denne staden er det hol i jorda nær eit gamalt hus. Opp av desse hola kjem det tett tåke, særleg i dei tidlege morgontimane. Mitt motiv viser denne tåka. For uinnvigde framande kan kontakt med tåka vera farleg.”

Her blir heimlandet til kunstnaren si mormor presentert, ein heilag stad som blei skapt av forfedrane i drøymetida. Andene til forfedrane er til stades i heimlandet. Dei beskyttar medlemmar av slekta, men kan ta form som tåke og forfølgje framande som kjem hit. Sentrum av sirklane i dette motivet er hola i bakken ved Marringarr som tåka kjem i frå. Sirklane rundt er tåkas rørsle når den spreier seg utover landet. 

Publisert 17. mars 2020 07:50 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54