Mercia Wawul

Mercia Wawul, f. 1925 
Marringarr. Ferriderr
Merrepen ArtsNauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Bildet kan inneholde: gul, visuell kunst, veggklistremerke, organisme.

Atwalulu

Duer
Serigrafi på papir

”Eg har måla duer, kalla awalulu på mitt språk marringarr. Dei et ofte frukt frå raude carpentariapalmer. I regntida, frå januar til mars, trekkjer duene til nordlegare delar av Australia. Dei kjem tilbake hit i tørketida.”

Bildet kan inneholde: illustrasjon, visuell kunst.

Miwulngini

Vassliljebelgar
Djuptrykk på papir

”Dette er miwulngini, vassliljebelgar. Det finst mengder av vassliljer i dei mange vasshola i Daly River-området. Vassliljene har vakre, rosa lotusblomar, store blad ein kan frakte vatn i, og ein stilk som kan etast. Den smakar omtrent som selleri. Rota kan også etast. Den blir steikt på bål og hjelper mot forstopping.

Frøa inne i dei store vassliljebelgane har alltid vore ei rik matkjelde for oss. Vi vader ut i vasshola og samlar dei i store mengder mot slutten av tørketida. Dei søte kvite frøa kan etast rå eller rista på glørne frå bålet.”

Publisert 17. mars 2020 07:57 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54