Nina Ludwina Puruntatameri

Nina Ludwina Puruntatameri, f. 1971 
Tiwi. Japajapunga Marchfly
Munupi Arts and Crafts
Pularumpi, Melville Island,
Tiwi Island, North regionen


Drøymetidshistoria om Gudinna og Månemannen

Oker på lerret

”Tokampinis dotter, Bima, forlet ein dag den vesle sonen sin Jinani under eit tre. Ho gjekk ut i skogen med månemannen Tapara. I den sterke varmen døydde babyen Jinani. Dette fekk fuglane til å vakne og gråte. Mannen hennar, Purrukapali, var ute på jakt med Tokampini i skogen. Purrukapali oppdaga den døde sonen sin, og erklærte at sonens død bringa dødelegheit til alle verdas skapningar.

Bima høyrde Tokampini og Purrukapali gråte. Ho prøvde å forlate skogen, men blei stoppa av sinna fuglar som sa til ho at ho hadde brakt dødelegheit til verda. Tokampini byrja å messe ”skam, skam og død!”

Bima blei til ein liten fugl. Hun flyg for alltid rundt i skogen om natta og gret i anger og skam. Tapara, månemannen, hadde også skuld i baby Jinanis død. Purrukapali ville derfor slåst med Tapara. Tapara var redd og flykta under kampen til månen på himmelen. Der kan ein sjå han med arr i ansiktet.

Purrukapali bar sonen sin til sjøen, der han også døyr. Ved denne staden danna det seg ein sterk virvelstrøm. Den er der den dag i dag ved austkysten til Melvilleøya. Den er sterk og trekkjer under den som padlar for nær. Fordi menneska no var blitt dødelege trong ein nye lover.

Tokampini skapte nye lover og gav menneska slektsgrupper og klanar. Jinanis død bringa skapingsprosessen til sin ende. Dette blei markert med den fyrste pukamani-pålen, ein gravpåle.

Prikkane og trekantmønstera i motivet representerer seremoniell kroppsmåling. Den kvite sirkelen i sentrum er Tapara, månemannen, og den raude sirkelen er Bima, gudinna.”

Publisert 16. mars 2020 15:00 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54