Philip Merrdi Wilson

Philip Merrdi Wilson, f. 1982 
Ngan’gikurrungurr. Peppimenarti 
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Bildet kan inneholde: mønster, kunst, tegning, illustrasjon, visuell kunst.

Fallami kurri

Havfrua og den gamle mannen
Akryl på lerret

”Eg har måla ei drøymetidshistorie om havfruene og den gamle mannen. Ein gong sumde nokre unge havfruer rundt i eit vasshol. Ei av dei låg på ein stor stein i vasskanten og nøyt sola. Ein eldre mann gjekk forbi vassholet og fekk auge på ho. Han kasta spydet sitt og spidda ho i halen. Han tok bumerangen sin og brakk ut alle dei skarpe tennene i munnen hennar, så ho ikkje skulle bite han. Så heldt han ho og førte ho gjennom røyken frå bålet han hadde tent. Slik blei ho omskapt til ei kvinne med langt hår. Ho levde som kona hans i eitt år.

Så en dag bad mannen ho om gå til vassholet og hente vatn i ei korg av tetrebark. Medan ho fylte korga med vatn frå vassholet kunne ho føle at dei andre havfruene var nær. Ho sette i eit hyl og stupte ut i vatnet. I same augneblink som ho trefte vassflata blei ho gjort om til ei havfrue. Då ho ikkje kom tilbake gjekk mannen til vassholet for å sjå etter ho. Han såg korga og boblene som steig opp av vatnet og han visste at havfruekona hans var borte for alltid. Han blei veldig sinna, trampa på korga, og sette seg ned og gret.

Framleis kan ein høyre havfruer som kallar på kvarandre og plaskar i vatnet medan dei leikar eller jaktar.”

Bildet kan inneholde: tre, brun, hardwood, tre.

Yerrwirimbi

Eucalyptustreet, også kalla det kvite gummitreet
Akryl på lerret

 ”Eg har måla barken til yerrwirimbi, eukalyptustreet eller det kvite gummitreet. Dette treet fortel oss at det er tid for haifiske. Mot slutten av tørketida byrjar barken på dette treet å tørke ut og flakke av. Då veit vi at haiane er feite, og det er den beste tida på året til å jakte på hai. Haiane blir fanga med handhalden line som har ein skarp krok og kjøtåte i enden. Vi lagar til haiane ved å grille dei på glørne frå bålet. Feittet og kjøtet blir blanda før det blir ete. 

Den kvite oska frå brent yerrwirimbi-bark blir brukt saman med tyggjetobakk. Tobakken blir rulla i oska før den blir lagt under leppa. Barken er også fin som opptenningsved, og gjev god varme når ein steiker bushmat.”

Publisert 17. mars 2020 07:59 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54