English version of this page

Dei nye utstillingane (disse sidene er under utvikling)

Bildet kan inneholde: stemning, himmel, verden, bygning, kunst.

Utstillingskonseptet

Det nye museet representerer ein ny generasjon forskingsmuseum med mål om å skape eineståande, lærerike besøksopplevingar gjennom å kombinere eit verdsleiande forskingsmiljø, unike vikingtidssamlingar og visjonær arkitektur med engasjerande og dynamiske utstillingar og andre publikumstilbod.

Ei verd i endring

Konseptet for utstillingane legg vekt på mangfald. I utstillingane skal det forteljast historier om vikingtidas liv, kultur og samfunn, og om skandinavanes reiser, ekspansjon og samhandling med andre kulturar. Dei rike samlingane og forskinga kan fortelje om kvardagsliv, om førestellingar og idear, om kongar og krigarar, og om transformasjonen av Skandinavia frå mange stammesamfunn til tre kongedøme. Vikingtidas historie er svært variert og dynamisk. Og det skjer veldig store endringar i løpet av relativt kort tid. Vikingtidsmuseet skal fortelje om vikingsamfunnet og korleis Skandinavia endra seg i løpet av tida frå 700-talets midte til eit stykke ut på 1000-talet, og der vikingkulturen fekk store konsekvensar ut i Europa. Det overordna konseptet for Vikingtidsmuseet er Ei verd i endring.

Tett på

Museets formidling byggjast på forteljargrepet Tett på. Med dette blir nåtidas nysgjerrigheit på fortida fanga – vi er langt frå i tid, men forskinga bringer oss tett på og gjer vikingtida forståeleg og meiningsfull for dei besøkjande. Tett på framhevar det autentiske: Kom tett på og sjå, det er ekte! Tett på gjev mogelegheit til å lyfte fram detaljar og det unike i gjenstandar, og forteljargrepet gjev mogelegheit for å bruke digitale verkemidlar for å skape og visualisere forteljingar som bringer dei besøkjande tett på levde liv.

Bildet kan inneholde: skjematisk, kart, gjøre, skråningen, parallell.
Utstillingene i det nye museet

Tilpassa utstillingar

Utstillingane skal ha eit innhald som er variert og tilpassa ulike besøkstypar. Nokre besøkjande vil kunne oppleve høgdepunkta på kort tid, medan andre besøkjande vil ynskje å gå i djupna på ulike tema og forteljingar. Besøksopplevingane skal planleggjast ut i frå dette. Gjenstandar, scenografi og audiovisuelle verkemidlar skal lokke dei besøkjande til å utforske og oppdage. Varierte formidlingstilbod gjev både sanselege, utfordrande og spektakulære opplevingar som skaper begeistring og engasjement, både for den travle og den utforskande museumsgjest.

Bildet kan inneholde: bilderamme, kunst, belysning, interiørdesign, gest.
Fortellingen og utformingen av de skjøre Oseberg -tekstilene animert på veggen.
Illustrasjon: Atelier Brückner

Dokumenter

Emneord: Vikingtid, Vikingskipene, Vikingskipshuset, museum exhibitions, Viking Age, Viking ship. Gokstad ship
Publisert 29. juni 2018 10:34 - Sist endra 13. sep. 2021 12:37