English version of this page

Forskingssenter

Bildet kan inneholde: undersøkelser, kjemisk ingeniør, vitenskapelig instrument, ingeniør, forsker.

Det nye museet representerer ein ny generasjon forskingsmuseum med mål om å skape eineståande, lærerike besøksopplevingar gjennom å kombinere eit verdsleiande forskingsmiljø, unike vikingtidssamlingar og visjonær arkitektur med engasjerande og dynamiske utstillingar og andre publikumstilbod.

KHM har unike føresetnader for å realisere denne visjonen. Vi har verdas fremste vikingtidssamling, eit verdsleiande forskingsmiljø på vikingtid, og dagens Vikingskiphus er allereie Noregs mest besøkte museumsanlegg.

Forskingssenteret samlar dette forskingsmiljøet. Det nye museet blir ein verdsleiande museums- og forskingsinstitusjon innanfor vikingtid som er breitt nasjonalt og internasjonalt anerkjent for produksjon av ny kunnskap om vikingtida.

Emneord: Vikingtidsmuseum, Vikingskipene, Archeology
Publisert 29. juni 2018 10:36 - Sist endra 22. sep. 2021 13:30