English version of this page

Milepålar og organisering

Bildet kan inneholde: urbant design, eiendom, boligområde, mixed-bruk, bygning.

Kulturhistorisk museums milepålar og organisering

Kulturhistorisk museum har lagt følgjande milepålar til grunn for samordninga av byggjeprosjektet, arbeidet med sikring av skip og gjenstandar, og museets eige utstillingsprosjekt:

  • Planlegging av nye utstillingar 2018 - 2021
  • Startløyving for byggjeprosjektet på Statsbudsjettet for 2020
  • Flytting og sikring av gjenstandar i Vikingskipshuset startar 2019
  • Detaljprosjektering av bygg og flytting av skip startar 2020
  • Produksjon av utstillingar og formidlingsløysingar startar 2021
  • Byggjestart i 2021 / 2022
  • Det nye museet ferdigstillast i 2025

Prosjektet er tredelt: 

  1. Byggjeprosjektet inkl. brukarutstyr
  2. Sikring av skip og samlingar - sikringsprosjektet  
  3. Utstillingsprosjektet med sitt museumsfaglege innhald

Kulturhistorisk museums prosjektansvar er primært knytt til det faglege innhaldet, utvikling av utstillingskonseptet og arbeid med sikring av samlingane.

Det er organisert i fire delprosjekt:

  1. Delprosjekt nye utstillingar
  2. Delprosjekt kommunikasjon, merkevarebygging og kommersiell profil
  3. Delprosjekt forskingssenter vikingtid
  4. Delprosjekt sikring og klima

Kvart delprosjekt leiast av ein prosjektleiar og er tverrfagleg samansette faggrupper innan forsking, formidling og forvalting. Delprosjekta blir koordinert gjennom eit eige prosjektprogram for å sikre god samhandling mellom delprosjekta og dei andre delane av prosjektet, leia av høvesvis UiOs eigedomsavdeling og Statsbygg. Museumsdirektøren er prosjekteigar og leiar av prosjektets styringsgruppe.

Publisert 29. juni 2018 10:36 - Sist endra 23. apr. 2020 08:00