English version of this page

Suksess frå dag éin!

Vikingskipshuset er eit nasjonalt symbol og rommar kanskje Noregs viktigaste kulturarv – skip og gravgåver frå dei store skipsgravene Oseberg, Gokstad, Tune og Borre. Den ikoniske bygningen er teikna av ein av 1900-talets mest framståande norske arkitektar – Arnstein Arneberg.

Osebergskipet startar ferda frå Tullinløkka til Bygdøy

Auka krav til sikring og formidling

Interessa for Vikingskipshuset med skip og gjenstandar var enorm frå fyrste stund. Krava til sikring av gjenstandane, og måten dei er presentert på, har etter kvart blitt strengare. Kulturhistorisk museum har derfor i ei årrekkje arbeidd for å kunne presentere vikingskipa og resten av samlingane frå vikingtid på ein sikrare og meir publikumsvenleg måte enn det som er mogeleg i dagens Vikingskipshus på Bygdøy.

Kort om Vikingskipshusets historie:

  • 1867 Tuneskipet blei grave ut og lagra i Universitetshagen i Kristiania.
  • 1880 Gokstadskipet blei grave ut og lagra i Universitetshagen i Kristiania.
  • 1904 Osebergskipet ble grave ut og lagra i eit skur i Universitetshagen i Kristiania.
  • 1913 Professor Gabriel Gustafson, som hadde leidd utgravinga av Osebergskipet, foreslår å byggje eit museum for dei tre skipa på Bygdøy.
  • 1916 Arkitektkonkurransen lysast ut og Arnstein Arneberg vinn.
  • 1925 Kristiania skifter namn til Oslo.
  • 1926 Fløya for Osebergskipet opnast.
  • 1932 Fløyene for Gokstad og Tuneskipet opnast.
  • 1957 Fløya for det praktfulle gravgodset opnast.
  • 2016 Talet på gjester i Vikingskipshuset rundar 500 000 i året.
  • 2019 Det nye Vikingtidsmuseet får oppstartsløyving i statsbudsjettet for 2020.
Emneord: Osebergfunnet, Oseberg ship, Osebergtekstilene, Gokstad skipet, Arkeologiske gjenstander
Publisert 29. juni 2018 10:47 - Sist endra 1. apr. 2020 13:37