English version of this page

Det nye museet

I det nye museet vil vikingskipa og resten av samlingane frå vikingtida presenterast på ein sikrare og meir publikumsvenleg måte enn det som er mogleg i dag. Eit nytt vikingtidsmuseum skal sikre befolkninga og komande generasjonar tilgang til kulturhistorisk kunnskap og forståing av vikingtida.

Bildet kan inneholde: arkitektur, bygning, hus, tre, tilpasning.

Vikingtidsmuseet skal stille ut den fremste samlinga i verda av gjenstandar frå vikingtida, mellom anna dei best bevarte vikingskipa i verda. Forskarane våre gjer stadig nye og banebrytande oppdagingar som vi deler med resten av verda. Like viktig er det at vi skal attskape vikingtida og gjere ein av dei fremste kulturarvane i verda levande for alle våre besøkande på ein moderne og spennande måte.

Det nye Vikingtidsmuseet blir tre gonger så stort som det noverande Vikingskipshuset. Totalt blir det nye museet ca. 13 000 m2, derav ca. 9000 m2 er publikumsareal, inkludert 5500 m2 med utstillingar. 

Interessa for Vikingskipshuset med skip og gjenstandar har vore enorm, heilt fra starten av utgravingane på 1800- og 1900-talet. Tilhøva for skipa der dei står i dag er ikkje gode nok, og ein ny klimaregulert bygning med nye støttesystem vil kunne sikre dei unike gjenstandane våre for framtidige generasjonar. I det nye museet vil vi kunne presentere vikingskipa, og resten av samlingane frå vikingtid, på ein sikrare måte enn det som har vore mogeleg i Vikingskipshuset.

I tillegg til ei tredobling av utstillingsareala vil det nye museumsanlegget innehalde restaurant, foredragssal, museumsbutikk, museumspark, eit eige område for skuleelevar på besøk, laboratorium med tilgang for publikum, og forskingssenter.

Statsbygg er no i gang med å detaljplanlegge ein ny klimaregulert bygning med nye støttesystem som vil kunne sikre dei unike skipa og gjenstandane for framtidige generasjonar. Det nye Vikingtidsmuseet blir som eit framhald av dagens bygg. Museets fagpersonale innan konservering og samlingsforvalting samarbeider med Statsbygg i eit eige sikringsprosjekt om løysingar for trygg handtering av skip og gjenstandar under byggjeprosessen, og om sikre metodar for flytting til nybygget.

Les om prosjektet på Statsbygg si nettside.

Den eksisterende bygningen blir tilknyttet det nye tilbygget med et glassforlengelse. Dette er både en elegant arkitektonisk løsning, men forsterker også det første opplevelseskonseptet. Det blir en opplevelse full av kontraster å gå fra å stå under himmelen i dagslys, for å så bli kastet inn i en annen verden, nærmere bestemt en sensommers ettermiddag i Oseberg i år 834.

Fremdrift

  • 2015: Den internasjonale arkitektkonkurransen blir utlyst.
  • 2016: AART architects vinn arkitektkonkurransen blant 111 bidrag.
  • 2018: Forprosjekt ferdigstilt.
  • 2021: Vikingskipshuset stenger for publikum.
  • 2022: Byggestart.
  • 2025: Vikingtidsmuseet ferdigstilles.
  • 2025/2026: Museet åpner.
Bildet kan inneholde: himmel, arkitektur, bygning, hus, sky.
  • Brukar: Kulturhistorisk museum 
  • Byggherre: Statsbygg
  • Oppdragsgjevar: Kunnskapsdepartementet
  • Eigar og driftsansvar: Universitetet i Oslo
  • Arkitekt: AART architects
  • Tekniske rådgjevarar: Multiconsult, Brekke & Strand
  • Samla areal: ca. 13.000 m2 BTA
  • Utstillingsareal: ca. 5000 m2 BTA
  • Ferdigstillast: 2024-2025
  • Opnast for publikum: 2025-2026
Bildet kan inneholde: sky, himmel, anlegg, tre, gren.