English version of this page

Osebergskipet – eit staseleg fartøy

Osebergskipet er eit spesielt flott fartøy, og han eller ho som fekk det laga brukte store ressursar på å få skipet dekorert.

Bildet kan inneholde: utskjæring, tre, arkitektur.
Osebergskipets stamn.

Opplev Osebergskipet digitalt

Dekorert med dyreornamentikk

Det er skore inn flott dyreornamentikk heilt nede frå kjølen, langt under vasslinja, og opp langs framstamnen som endar i eit spiralsnodd ormehovud. Berre spesielle personar i overklassa har fått så rikt utsmykka skip.

Plass til 30 roarar

Ein kunne både segle og ro Osebergskipet. Det er 15 hol til årene på kvar side, med 30 roarar var skipet fullt bemanna. I tillegg kom styrmann som passa roret og utkikksmann som stod framme i baugen. Årene er laga av furu. På nokre av dei er det funne spor etter måla dekorasjonar. Det er ikkje slitasjespor på årene, kanskje var dei laga spesielt til gravlegginga.

Laga av eik

Osebergskipet blei bygd i Sørvest-Noreg rundt år 820. Det er laga av eik og kvar enkelt bordgang overlappar den neste og dei er festa saman med jernnaglar. Skipssida består av 12 bordgangar. Under vasslinja er dei berre to-tre centimeter tjukke. Dei to øvste bordgangane er litt tjukkare. Skipsdekket er laga av lause furubord. Masta er også laga av furu og har vore mellom 10 og 13 meter høg.

 

Osebergskipet
Osebergskipet i Vikingskipshuset. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Saving Oseberg

Saving Oseberg er eit prosjekt som dokumenterar tregjenstandar frå Osebergfunnet og forskar på konserveringsmetodar for å ta vare på denne ikoniske delen av vår kulturarv for framtida. Les meir om prosjektet Saving Oseberg.


Les meir

Publisert 1. nov. 2012 15:17 - Sist endra 24. apr. 2020 12:30