Vikingskatten frå Hoen i Viken

Vikingskatten frå Hoen i Hokksund er den største som nokon gong er funnen.

Vikingskatt

Gullskatten frå Hoen. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Ove Holst

Gullet i myra

En sommarmorgon i 1834 heldt ein fattig husmann på med å grave ei grøft gjennom ei myr. Plutseleg blei spaden hengande fast i ein diger gullring!

Husmannen kunne jo ha tatt skatten sjølv, men jorda var ikkje hans og ikkje gullskatten heller, så han tok den med til storbonden som eigde myra.

Bonden kunne også ha hatt skatten for seg sjølv, men han syntest at noko så fantastisk høyrde til heile landet.

Bonden får finnarløn

Bonden og husmannen henta hest og kjerre og køyrde til Kristiania, som Oslo heitte den gongen, for å levere skatten til folka på Stortinget. Der blei politikarane heilt mållause og bestemte at bonden skulle få ei stor finnarløn.

Bonden deler med husmannen

Der kunne jo historia ha stoppa, men bonden var ein rettferdig mann og delte pengane med den fattige husmannen.

Husmannen fekk kallenamnet gullmannen, og både han og familien hans levde lykkeleg alle sine dagar.

Kvifor grov vikingane ned skatten?

  1. Vikingane trudde at ting som blei lagt i jorda, eller i myrer og vatn, blei funne av gudane. Kanskje skulle skatten vera eit offer til dei. Skatten var veldig verdifull så det må ha vore noko alvorleg på gang som gudane skulle hjelpe til med.
  2. Det var urolege tider, ulike høvdingar slåst om makta og røvarbandar var på ferde. Det sikraste var å gøyme bort verdisakene. Men kvifor har ikkje dei som gøymde skatten henta den? Kva trur du?

Fakta om Hoen-skatten

  • Skatten blei funnen på Hoen som ligg i Hokksund i Viken.
  • Skatten veg to og ein halv kilo til saman. 
  • Skatten består av 50 smykke, 20 myntar og 200 ulike perler.
  • Skatten blei grave ned ein gong mellom år 875 og 890.
Publisert 23. des. 2015 13:49 - Sist endra 7. des. 2020 09:07