Peter Ankers kunstsamlingar

Trass i verksemda som generalguvernør for den viktige dansk-norske kolonien Trankebar (Tarangampadi, som tyder «den syngjande bølgje» på det lokale språket tamil) i åra 1788-1806, brukte Peter Anker (1744-1832) mykje tid og ressursar både til å måle sjølv og til å samle inn kunstverk frå andre europeiske kunstnarar.

Ankers måleri av tempelkompleksa ved Kombakonam nær Tarangampadi i distriktet Thanjavur i dagens Tamil Nadu

Ankers måleri av tempelkompleksa ved Kombakonam nær Tarangampadi i distriktet Thanjavur i dagens Tamil Nadu.

Han samla også ivrig på kulturgjenstandar og dyr frå det sørlege India. Ankers interesser kan vi sjå både i hans eigne verk og i samlingane hans, som var særeigen for ein koloni-embetsmann.

Kolonialisme og kunst

Brorparten av måleria produsert av vesteuropeiske kunstnarar under denne perioden med europeisk kolonialisme som byrja på 1600-talet, er tydeleg relatert til kolonimaktas handelsinteresser og politiske interesser. I boka om Anker-samlinga ved Kulturhistorisk museum skriv Dorthea Hysing (2002) at måleri frå den fyrste fasa av kolonitida og fram til byrjinga av 1700-talet var prega av beundring for natur og kultur i dei nye koloniane.

På 1800-talet skjer det ei endring, der måleri i aukande grad viser kolonimaktenes eigenrådigheit. Menneske og kultur i koloniane blir nå i aukande grad framstilt som sensuelle og eksotiske, men også som ville og som ein del av den naturlege sfæra, dei blir dermed rangert som lågare enn den europeiske sivilisasjonen. Denne koplinga mellom koloniale førestillingar og den aukande imperialismen blir omtala som «orientalisme». Erotiske framstillingar av Austen var eit ledd i eksotiseringa av folk og kultur i koloniane.

«En gjennomgang av bilder fra koloniene, uansett opphavsland, viser at samtidens gjengivelser av koloniene og livet der svært ofte hadde et politisk formål. Malere ble brukt i propagandasammenheng, for å påvirke opinionen eller for å bekrefte at koloniherrene handlet riktig» (Hysing 2002:10).

Målerisamlinga

Peter Anker hadde ikkje barn og testamenterte alle sine eigendelar til nevøen Erik Anker. Eriks son, Carl Johan Anker, donerte i 1878 Peter Ankers kunstsamling til Etnografisk museum, Universitet i Oslo. Ankers samling av måleri blir i dag oppbevart på Kulturhistorisk museum, den består av omkring 130 akvarellar og raderingar. Hysing påpeika at «etter nærmere gjennomsyn viser det seg at det er flere kunstnere som står bak. Peter Anker kan med stor sannsynlighet tillegges 62 av disse» (Hysing 2002:58). Andre måleri i Ankers samling er måla av dei engelske kunstnarane Thomas Daniell (1749-1840) og William Daniell, som var onkel og nevø, James Wales (1747-1795) og den austerikske John Gantz (1772-1853). Måleri frå Ceylon (dagens Sri Lanka), og nord og nord-øst India stammar hovudsakeleg frå Gantz og Daniells reiser til desse områda, Wales måleri viser område rundt Bombay, den viktige hamnebyen på vestkysten av India.        

 

Ankers maleri av Den Store Templet i Thanjavur, bygget ferdig i år 1010 e.kr under ordre av den Tamilske Chola kongen Raja Raja Chola I
Ankers måleri av Det store tempel i Thanjavur, frå år 1010 e.Kr, som vart bygd på ordre frå den tamilske Chola-kongen Raja Raja Chola I. Tempelet har blitt klassifisert av UNESCO som 'World Heritage site'.

Anker som samlar og kunstnar: motiv og kulturinteresse

Peter Anker var frå 1789 medlem av Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, der han overleverte ei samling med insekt frå Trankebar og konkyliar frå Nicobar (Hysing 2002:72). Ein artikkel i det danske Morgenbladet frå 19. januar 1826 handlar om eit besøk fire år tidlegare heime hjå ein pensjonert Anker:

«Omkring paa meublerne, ja endog paa gulvet staae Indiske oldsager, Gudebilder, offerredskaber og deslige opstillede, som Eieren har samlet paa sin guvernementpost og sinde andre reiser»

Anker kan som kunstnar og innsamlar seiast å ha skild seg frå dei arketypiske koloniherrar, trass i sitt virke som framståande koloni-embetsmann.

Akvarellane som Peter Anker måla viser vakre tempelpryda landskap rundt Trankebar, og også landskap i fyrstedømet Thanjavur i sørlege India i dagens Tamil Nadu. Ei rekkje av templa og monumenta som han avbilda, slik som kysttempelkompleksa i Mapallipuram (Mahabalipuram), Thanjavur stortemplet og tempelkomplekset ved Kombakonam, stammar frå dei tamilske Pallava og Chola-rika som dominerte sør-India frå tredje til niande hundreår og frå niande til trettande hundreår (Olsen 1969:115, Fihl 2014:5). Ankers store interesse for lokalbefolkningas arkitektur, landskap og kulturarv ser vi i hans val av motiv i måleria sine.

Ankers Maleri 'Tempel ved Mahaballipuram' som viser til kyst-tempelet som innegår i Mapallipuram tempel kompleksene
Ankers måleri 'Tempel ved Mahaballipuram' viser eit kysttempel som er ein del av tempelkompleksa ved Mapallipuram, også på UNESCOs 'World Heritage' liste.

Kolonialisme: Kart og strategi

I samlinga som blei donert til Etnografisk museum (noverande Kulturhistorisk museum), er det også ei rekkje kart. Ankers forhold til kartografi og strategiske teikningar stammar frå opphaldet som dansk-norsk konsul i England. Han produserte ei rekkje teikningar med høg presisjon av engelske industrielle teknologiar og mekanismar etter instruksjonar gjeven av Økonomi- og Kommerce-kollegiet og frå Bergverksdirektoratet om «å holde et våkent øye med den industrielle utviklingen i England» (Klausen 1972:3). Ei slik verksemd ville både då og no kunne bli omtala som industrispionasje (Hysing 2002).

I Ankers samling finst også ei rekkje kart over strategiske byar og område i Sør-India og Ceylon (Sri Lanka), mange er hans eigne arbeid, andre er samla inn frå britiske og franske offiserar. Frå sistnemnte er det samla ei rekkje oversiktskart som viser troppeoppstillingar og militæroffensivar. Dei viser også enkelte slag som var ein del av krigshandlingane i det sørlege India på midten og slutten av 1700-talet, kjend som Karnatik-krigane og Anglo-Mysore krigane.

Det er også ei rekkje planar over strategiske landskap og festningar i regionen. Den tidlegare nemnde krigføringa var mellom Frankrike og deira lokale allierte, hovudsakeleg Mysore kongedømmet i dagens Karnataka, og England og deira lokale allierte. Det er ei rekkje kart og måleri frå Seringapattinam, som var den siste forsterka byen kontrollert av Tipu Sultan og Mysore-kongedømmet som fall i år 1799, som ei følgje av at britane og deira allierte kringsette byen. Byens fall og Tipu Sultans død avslutta Anglo-Mysore krigane og bidrog sterkt til det veksande engelske overherredømme i India. At Anker lykkast i å halde Trankebar nøytralt i denne perioden var ei diplomatisk bragd (Arnesen 2009:10)

Det var også under Ankers guvernørtid i Trankebar at Polygar-krigane hende, hovudsakeleg i dagens delstat Tamil Nadu, der også Trankebar ligg. Lokale tamilske høvdingar og føydalherrar som høyrde til dei tidligare kongedøma Madurai, Sivagangai og Ramnad, med sporadisk fransk hjelp, førte ein omfattande motstandskrig mot British East Indian Company og deira lokale allierte. Opprøra hende hovudsakeleg innanfor tre tidsperiodar, 1755-1760-talet, 1799-1800 og 1801-1805.

Ankers måleri av Sten-monumentet i Mapallipuram. Monumentet viser blant anna den avanserte steinhoggartradisjonen i Sør-India og hjå tamilske kongedøme, og er anerkjent som UNESCO World Heritage.

Sjeldne kunstskattar frå Tamil Nadu

I samband med utvidinga av det dansk-norske fortet Dansborg i Trankebar i 1799, oppdaga Anker uerstattelege tamilske kulturskattar under utgravinga (Hysing 2002:73, Anker 1806). Anker opplyste i ein publikasjon utgjeven i 1806 at han oppdaga ni bronsefigurar av guddommar og heilage menn frå den hinduistiske Saivite-tradisjonen (populært i Sør-India og spesielt i delstaten Tamil Nadu), og ti objekt som han klassifiserte som «Pagod-Inventarium» som han meinte var frå før det niande hundreår. Den siste kategorien av objekt, opplyste Anker, blei bruka i ritual og tilbeding av guden Shiva. Anker skriv om handverket:

«Den Kyndige i støbe kunsten vil Indsee Vanskeligheden at modellere en saa compliqverent og vel udført Støbning, som fortrinnelig erfares af den smukke figur Sebabady, hvor guiden er æf ædelere metal, end Guden Buddha under hans fod med de øvrige ornamenter. Dette opplyser, til hvilken Høide Kunsten var stegen over tusinde Aar tilbage» (Anker 1806:6).

Det Anker skildrar som ein figur av edelmetall av Sebabady som har Buddha under sin fot i ei sigrande stilling, er guden Sabapathy, ein inkarnasjon av Shiva som «berettes at være nedstegen paa Jorden for At Bortjage Buddha-Religionen fra den sydlige Hindustan» (Anker 1806:3). Dette atterspeglar den religiøse krigen som fann stad i det sørlige India, og spesielt i Tamil Nadu frå sjuande til tiande hundreår, og som resulterte i at Saivisme blei den dominerande statsreligionen blant dei tamilske kongedøma. Ein annan konsekvens av krigane var ein nær utrydding av Buddhismen og Jainismen.

Anker fortell vidare at det er to bronseskulpturar av guden Shiva, og ein av sonen Carticeya betre kjent som Murugan, den mest dyrka guddommen blant den tamilsktalande folkesetnaden fram til i dag. Det er også bronseskulpturar av Ganesha og Vishnu, to figurar av heilage menn knytt til Shiva, og ein bronseskulptur av guden Ayanner, ein populær guddom i det sørlege India og i den tamilske diaspora. Ayanner er assosiert med Shiva-tilbeding.

Anker skriv at brahminprestane i Trankebar, etter å ha blitt tilkalla, opplyste han om at skulpturane ikkje lenger var heilage fordi «deres Helligdom var forsvunden, ved at være udsatte for at trædes under Fodder, saavel af mennesker som af de ureene Dyr» (Anker 1806:7). For å gjera dei heilage att trengte ein eit tempel og ei rekkje kostbare ritual fortalte brahminprestane, og Anker noterte «Til et saa bekosteligt og vidtløftig Foretagende er for Tiden ingen Tamulsk Regent i den sydlige deel af Hindustan, hvis skatkammer kan udrede den dertil udfordrende Capital» (ibid). Dette resulterte i at han fekk overta samlinga. Anker lykkast ikkje med å selje samlinga i si levetid. Fyrst lenge etter hans død, i 1843, ble den overtatt av danske Kong Christian VIII og blir i dag oppbevart ved Etnografisk avdeling i Nasjonalmuseet i København.

Anker skreiv at desse skulpturane og gjenstandane blei gjeven til han. Til gjengjeld utførte han ei symbolsk handling ved å rituelt overlevere betelnøttar og ris til brahminane.

Peter Anker meinte at desse skulpturane blei grave ned i år 1310, då sultanen i Delhi sende general Melek Neib på plyndretokt til det tamilske sør for å underkaste seg Pandya-kongedømmet. Dette var det fyrste og siste inntoget av ei nord-indisk muslimsk politisk makt i Tamil-Nadu. Kampanjen resulterte i at store område på Koromandelkysten rundt Trankebar blei plyndra og tempel øydelagd. Ankers forståing var at skulpturane blei grave ned av dei lokale før dei flykta opp i fjella, der dei svelt og døydde ut. Dette gjorde at skattane ikkje blei funne att før i år 1799.

«Følgelig have disse Antiquer lagt henved 500 Aar i Jorden, da jeg lod dem oppgrave» (ibid).

Anker kastar også ljos over tydninga av kunstskatten i ein ‘anmærking’ i boka si:

«Ved udnersøgning, saavel af det Britiske Musæum, som af det Ostindiske Compagnies Mythologiske Samling i London, fandtes ingen Figur af den Størrelse og Skjøhed, som i den her anførte Samling. Smaa Bronz-Figurer, med nogle Afstøbninger i Blye, er alt, hvad der er at see af den Hinduske Mythologie i de ommeldte Samlinger» (ibid).

 

Ankers Maleri med tittel:  'Hvilehus ved Cauvery floden' Cauvery elven og gloden ble selveste livsårene for oppveksten av Chola-riket
Ankers måleri med tittel:  'Hvilehus ved Cauvery floden',  Elva Cauvery blei den viktigaste livsåra for framveksten av Chola-riket
Ankers maleri av Kyst-tempel kompleksene ved Mapallipuram nord for Trankebar. Kompleksene viser til Pallava dynastiets storhets tid og ble bygget i det 7 - og 8 ende århundrede
Ankers måleri av Kysttempelkompleksa ved Mapallipuram nord for Trankebar. Kompleksa viser Pallava-dynastiets stordomstid og blei bygd i det 7. og 8. hundreår e.Kr.

Litteraturliste

Peter Anker, 1806. En Samling Af Mythologiske Antiquer: Bragt fra Hindustan af General Major Anker. 1806.

Klausen, Arne Martin. 1972. ‘Peter Anker, en norsk maler i India i 1790-årene’  i Kunst og Kultur  nr.55n Oslo 1972, s. 1 -32.

Arnesen, Finn (red.) 2009. Brevet frå Trankebar 7. – 10. Juni 1790 frå Peter Anker til Peder Anker . Bogstad Stiftelse, Bogstad Gårds Venneforening

Fihl, Esther 2014. ‘Introduction: What makes Tranquebar a Place?’ i  Esther Fihl og A.R. Venkatachalapathy (red.) Beyond Tranquebar: grappling Across Cultural Borders in South India.

Hysing, Dorthea 2000.”Peter Anker-samlingen i Etnografisk museum”, i Kunst og Kultur 1/2000, s.30-50, Oslo

Hysing, Dorthea 2002. ”Generalguvernør Peter Anker (1744-1832) maler og samler”, Universitetets kulturhistoriske museer, Oslo

Olsen, Gunnar 1969. Vore gamle Tropekolonier: Bind 5 Dansk Ostindien 1616 – 1732. Det Hoffensbergske Etablissment, København, 1969.

Utstillinga ”Minner fra India – 20 år i Trankebar. Generalguvernør Peter Anker (1744-1832) maler og samler”, var den fyrste offentlege presentasjonen av samlinga (12. april - 11. august 2002). 

Av Athithan Jayapalan
Publisert 6. okt. 2016 14:18 - Sist endra 1. juni 2022 09:24