Forsking og samlingar

Bildet kan inneholde: skulptur, stone carving, lettelse, nærbilde, kunst.

Forsking og samlingar ved museet

Kulturhistorisk museum driv nyskapande forsking av høg kvalitet i nært samspel med formidling og forvalting av kultur og kulturarv.

Våre samlingar og forskingskompetanse gjer tverrfaglege problemstillingar knytt til kulturarv, innovasjon og landskap i krise til naturlege satsingsområde.

Samlingane

Kulturhistorisk museum har landets største arkeologiske og etnografiske samlingar, med oldsaker frå førhistorisk tid til reformasjonen, og med etnografiske og numismatiske gjenstandar frå alle delar av verda og fram til i dag.

Forskargrupper

Kulturhistorisk museums tverrfaglege forskargrupper arbeider med tema innanfor museets satsingsområde. Forskargruppene er en del av internasjonale nettverk og arrangerar opne Kulturhistorisk museum-seminar kvart år.

Forskingsprosjekt

Kulturhistorisk museums forskingsprosjekt utforskar tema innanfor museets satsingsområde og er gjerne knytt til ein eller fleire av museets forskargrupper.

Forskingsarrangement

28 mai
11 juni
14:00, KHM, Historisk museum, Frederiks gate 2, 3. etg.
14 sep.
12:00, Foredragssalen, Frederiksgate 2

Stipendiatar

Kulturhistorisk museum har åtte stipendiatar og kvart år blir det lyst ut to opne stipendiatstillingar innanfor museets satsings-område, medan to av stillingane til ei kvar tid er reservert andre forskingsbehov som oppstår ved museet.

Det Raude Rom

I Det Raude Rom kan forskar- og prosjektgrupper ta ut samla forskingstid og få intensive arbeidsperiodar saman.