Søk i samlingene våre
Gjenstandane i Kulturhistorisk museums samlingar er registrert i museets databasar. Dei blir publisert på nett gjennom universitetsmuseas portalar.
Om Unimusportalen
Gjenstandane ved Kulturhistorisk museum er tilgjengelege i databasar og nettportalar som blir utvikla og drifta gjennom Unimus-samarbeidet. Det er base og nettportal for Oldsaksamlinga, numismatikk, etnografi og antikksamlinga.
Gjenstandsbasane blei fyrst fylte med opplysingar frå museets trykte og handskrivne katalogar. Nå blir alle gjenstandar som kjem inn til museet katalogisert i basane. Gjenstandane blir gjort tilgjengelege på nett når katalogiseringa er avslutta. Stort sett alle gjenstandar er nå skildra i basane, men ikkje alle er publisert på nett.
I fotobasen, som er ein del av Unimusportalen, har Kulturhistorisk museum fleire tusen bilete av gjenstandar, i tillegg til bilete frå arkeologisk og antropologisk feltarbeid og dokumentasjon av anna arbeid ved museet. Bileta er tilgjengeleg i nettportalen.
Samarbeidet mellom Kulturhistorisk museum og andre universitetsmuseum gjer at nettsidene viser gjenstandar og fotografi frå heile landet.