English version of this page

Stipendiatar ved Kulturhistorisk museum

Kulturhistorisk museum har åtte stipendiatheimlar. Kvart år blir det lyst ut to opne stipendiatstillingar innanfor museets satsingsområde. To av heimlane er reservert andre forskingsbehov som oppstår ved museet. I tillegg har museet fleire stipendiatar tilsett i stillingar med ekstern finansiering.

Fleirtalet av museets stipendiatar er PhD-studentar, men museet tilsett også i post.doc.-stillingar. Stillingane blir lyst ut på universitetets nettsider, i NAV si stillingsbase og på den europeiske mobilitetsportalen EURAXESS.

Kulturhistorisk museum har ikkje ei eigen forskarutdanning. Stipendiatar som blir tilsett ved museet må derfor søkje opptak på forskarutdanningane ved det fakultetet som tilbyr forskarutdanning innan det aktuelle fagfeltet. Museet legg likevel stor vekt på å knytte stipendiatar til museets forskarar og forskingsmiljø.

For meir informasjon ber vi deg ta kontakt med museets forskingsrådgjevar.

Kulturhistorisk museums satsingsområde

Kulturhistorisk museum driv nyskapande forsking av høg kvalitet i nært samspel med formidling og forvalting av kultur og kulturarv.

Kulturhistorisk museums forskargrupper

Kulturhistorisk museums forskargrupper arbeider med tema innanfor museets forskingsområde. Forskargruppene inngår i internasjonale nettverk, arrangerer seks opne Kulturhistorisk museum-seminar kvart år, og deltek i Forskingas dag.

Forskarutdanning

Her finner du reglementet for forskarutdanninga ved Kulturhistorisk museum.

Forskingstermin

Retningslinjer for tildeling av forskingstermin.

Ledige stillingar ved Kulturhistorisk museum

Ledige stillingar ved UiO