English version of this page

Video - kopiering av Langeidøksa

Dette er ei liste over tilgjengelege videoar frå prosjektet. Langversjonen (24:04 minutter) er hovudfilmen. Det er også ein kortversjon (4:23 minutter) med nokre engelske kommentarar. Enkelte av dei ekstra filmsnuttane overlappar med hovudfilmen, men fokuserar på spesifikke tema eller hendingar.

Filming ble utført av Mårten Teigen og Kirsten Helgeland. Videoklipping ved Mårten Teigen og Vegard Vike.

Langversjon (24:04 min). Frå myrmalm til breiøks - vikingøksa frå Langeid skapast på ny. Denne 24 minuttars videoen viser store delar av økseframstillingsprosjektet. Bare på norsk.
Kortversjon (4:23 min). From bog iron to broad axe - rebirth of the Langeid Axe. Denne fire og eit halvt minuttar lange videoen viser utvalde delar av arbeidet med øksa. Nokre engelske kommentarar.

Ekstra filmsnuttar

- spesifikke prosessar:

Smieforedling (1:35 min). Vi reinsa jernet for sprekkar og slagg ved smieforedling. Jernluppene blei varma opp, komprimert, smidd ut, falda, essesveisa og smidd ut att. Syklusen blei repetert 4-5 gonger. Håvard Kongsrud bistod som oppslag den fyrste dagen.
Stålframstilling i omn (3:16 min). Jern tilførast karbon og omdannast til herdbart stål ved å smeltast om i ein liten omn ('aristotelesovn'). Tom Haraldsen var med i smia denne dagen.
Stålframstilling i pakke (1:43 min). Etter Theophilus skildring gjorde vi oppkoling av jern i leirinnpakning saman med lær og feitt. Når leira hadde tørka varma vi pakka i essa ved 900-1000°C i ein time før den blei opna.
Sliping med langbryne (1:07 min). Eit langbryne av kvartsskifer blei brukt til økseslipinga. Dette var lånt ut frå Norsk Maritimt museum for uttesting.
Testkutting (1:03 min). Øksa blir prøva mot eit stort griselår på ca. 15 kg. Lårbeinet er den hardaste og mest utfordrande delen.

Ekstra filmsnuttar

- overraskande hendingar:

Smiebelg med flatulens (27 sek). Ein av blåsebelgane har fått utett ventil, med påfølgjande ulyd av flatulens. Ein pinsam situasjon for pretensiøse smedar.
Herdetest - jernluppe var stål (1:50 min). Jern klargjerast for omdanning til herdbart stål i oppkolingspakke. Tilfeldig kjøling i vatn avslører at det allereie er herdbart - heile luppa er stål! Dermed har vi allereie det stålet vi treng til økseeggen. Halvor Hjort Guttu besøkte oss i smia denne dagen.
Økseblad fall av (28 sek). Litt forhasta blir øksa skjefta før testkutting, utan kile i skaftenden - som på originalen. Etter nokre testar mot vatnflasker blir øksa prøva på griselåret - og bladet fell av.

Teaser

- for promotering på sosiale medium:

Brå avslutning (17 sek). Ein rask gjennomgang av økseprosessen.
Inkludert avslutning (22 sek). Ein rask gjennomgang av økseprosessen.
Av Vegard Vike
Publisert 5. juli 2016 14:41 - Sist endra 5. mars 2021 08:27