English version of this page

Vikingøksa frå Langeid blir skapt på ny

I mars 2016 blei det laga ein kopi av breiøksa frå Langeid ved bruk av vikingtidas smieteknikk. Utgangspunktet for øksekopien var myrmalmsjern.

Immm1 Immm2 Immm3 Immm4 Immm5 Immm6 Immm7

Prosjektet

Ferda frå myrmalmsjern til ferdig øks presenterast her ved korte artiklar om kvar av dei mange delprosessene. Arbeidet bestod i å vidareforedle råjernet, framstille herdbart stål til økseeggen og smi sjølve øksehovudet. Framstillinga av øksa bydde på mange utfordringar, enkelte overraskingar og mykje ny lærdom. Til slutt blei øksa skjefta med eit messingbeslått skaft og testa på eit griselår. Smedane var Vegard Vike og Anders Helseth Nilsson.

Galleri

Undervegs i prosjektet blei det gjort omfattande fotodokumentasjon og hundrevis av bilete blei tatt. Her er eit utval som viser økseframstillinga steg for steg. I menyen finn ein mer omfattande undergalleri for kvar delprosess.

Video

Formidlingsretta video var ein viktig del av dokumentasjonsstrategien. Mykje av arbeidet blei fanga på film. Det finst ein langversjon (24:04 min), ein redigert kortversjon (4:23 min), og fleire filmsnuttar.

Last ned mediefil

Eksklusiv og vel bevart

Kulturhistorisk museum har berre seks økser av denne typen i samlinga - breiøkser med skaftbeslag av messing. Langeidøksa er den best bevarte, den blei funnen i ei oppsiktsvekkjande grav frå slutten av vikingtida.