galleri

  • 5. juli 2016

    Eit tekstilfragmentet med spiralar frå Oseberg - O1904_tekstil. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

  • 5. juli 2016

    Fire tekstilfragmenter frå Oseberg. Nedst til venstre er fragmentet med plantemotiv, som vi kan sjå at Dedekam har teikna og analysert på eit av dei andre bileta i galleriet. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

  • 5. juli 2016

    Portrett av Hans Dedekam. Ukjent fotograf, Oslo Museum 

  • 5. juli 2016

    Dedekam hadde sirlig orden i sine mapper. Tekstilfragmenta har vorte tematisk sortert og kvart tema fekk ein slik mappe kor vi i dag kan finne att fotografiar, notater og skisser. Her ei mappe om tekstilfragmenta med geometriske mønster. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Inne i mappa om geometriske mønster finn vi båe fotografiar, teikningar og notater. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Den fargerike tolkinga og teikninga av eit av dei geometriske mønstra er signert Sofie Kraft 1917. Som vi kan sjå av skrifta under teikninga, har ikkje etterfylgjande forskarar vore heilt nøgd med hennar rekonstruksjon. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Hans Dedekams skisser og notater om eit tekstilfragment frå Oseberg. Eit gobelinvevd stoff med geometriske mønster og søm. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Frå mappa om tekstilfragment med spiralmønster og andre organiske mønster. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Hans Dedekam sine notater og skisser om eit tekstilfragment med spiralar. Som vi kan sjå av teikninga nedst til venstre har han også vore oppteken av korleis tekstilfragmenta såg ut på vranga. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Etter dei mange ulike tolkingane og skissene vi kunne sjå på dei andre bileta med spiralmønstra tekstilar har Dedekam her teikna og notert om det endelige resultatet av undersøkingane. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Ein anna tekstilfragment med spiralmønster, truleg frå det same stoffet som det andre fragmentet. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg

  • 5. juli 2016

    Eit knøttlite tekstilfragment, som også vert vist på fotografiet med samlinga av fire tekstilfragment. Fragmentet har eit organisk mønster, kanskje eit slags rankemønster. På bilete med dei store teikningane av spiralmønstra kan vi sjå korleis denne passer inn med nokre av dei andre fragmenta. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Hilde Sofie Frydenberg