Masterprisen 2024 vert tildelt Knut Takle

Knut Takle har forska på korleis eit utval norske alterfrontal frå 1300-talet framstiller episodar frå forteljingar der levande bilete spelar ei hovudrolle.

Bildet kan inneholde: betong.

Masterkandidat Knut Takle overrekkast masterprisen av redaktør Steffen Hope utanfor Korskirken i Bergen.

Takle fekk utdelt eit diplom og eit gavekort for sitt arbeid og får moglegheiten til å publisere resultata frå si avhandling i tidsskriftet Collegium Medievale. Avhandlinga heiter "Hin dyreste møy steg da ned av alteret – Levende bilder på norske alterfrontaler".

Les avhandlinga her.

Foreininga Collegium Medievales masterpris vert gjeven til ein student som i løpet av 2024 har levert ei framifrå masteroppgåve ved eit norsk universitet, høgskule eller institutt, som bidrar til å utvikle middelalderen som forskingsfelt. Veiledarar og sensorar har fått invitasjon til å nominere kandidatar til prisen. Foreininga sitt styre har utnemnt ein jury til å vurdere dei nominerte, beståande av Steffen Hope (UiO), Kristin Kausland (NIKU) og Ragnhild Bø (IFIKK, UiO).

Juryens grunngjeving: 

"Vi i komiteen har valt å tildele Knut Takle årets masterpris. Komiteen har merka seg det ambisiøse tverrfaglege arbeidet som ligg i denne masteroppgåva, og er særleg nøgd med at Takle har klart å inkludere mykje og variert historisk kontekst på ein måte som er relevant og som styrkjer drøftinga av allereie godt kjende kunstverk. Takle syner òg svært god kjennskap til forskingslitteraturen, og klarar å flette den inn i si eiga drøfting medan han òg gjev sine eigne originale bidrag til debatten. Her har komiteen særleg lagt vekt på at Takle har sett dei mirakuløse levande bileta i samansetnad med alteritetstenking og vert nytta som positive kontrastar til heidne, mekaniske bilete. Takle har utført eit solid akademisk handverk, og har bidrege til forskingsfronten på ein interessant måte. Masterpriskomitéen vil derfor gratulere med Collegium Medievale sin masterpris 2024."

Publisert 1. juni 2025 12:35 - Sist endret 6. okt. 2025 14:14