Peter Anker og Danmark-Noregs koloni på Koromandelkysten

Peter Anker (1744-1832) var ein norsk embetsmann som kom frå ein av Noregs rikaste og mest profilerte familiar.

Ankers måleri av kolonibyen Trankebar, år 1790

Ankers måleri av kolonibyen Trankebar frå år 1790

Peter Anker byrja embetskarrieren som dansk-norsk konsul i den engelske kystbyen Hull og blei seinare dansk-norsk generalkonsul for Storbritannia.

Frå 1788 til 1806 var han generalguvernør for den dansk-norske kolonien Trankebar på Koromandelkysten i det sørlege India. Hans guvernørperiode for denne strategisk viktige handelskolonien fall saman med dramatiske sosioøkonomiske omveltingar som var eit resultat av krigføringa mellom europeiske koloniherrar (Baumann 1989). Då Anker var guvernør starta Napoleonskrigane som førte til ytterlegare konflikt mellom imperium som England, Østerrike, Frankrike og Holland på det indiske subkontinentet, Europa, Atlanterhavet og Karibia.

Koromandelkysten og handel

Koromandelkysten i det sørlige India har lenge inngått som eit strategisk viktig område for å regulere og kontrollere verdshandelen som går via Indiahavet. Kysten var sentral i å knytte handel frå Europa, Afrika og Amerika saman med India og Kina. Etableringa av sambandet mellom desse områda var eit kappløp som førte til at mange europeiske kolonimakter leitte etter handelsstasjonar og koloniar i land rundt Indiahavet frå det 16. til det 20. hundreår.

Eksotiske varer og råstoff frå det indiske subkontinentet var sterkt ettertrakta i den europeiske marknaden og ein hjørnestein i koloniherranes merkantile økonomiske interesser.  Krydder som pepar, kardemomme og kanel var verd si vekt i gull, og dermed bestemte Danmark-Noreg seg for å «dra dit peparen gror».

Den danske kongen sendte den dansk-norske admiral Ove Gjedde ut på ein mislykka ekspedisjon til Ceylon (dagens Sri Lanka) for å opne ein handelsstasjon der. Som ei følgje av denne ekspedisjonen og Gjeddes personlege relasjon til Nayak-rajaen av Thanjavur, byrja historia om Danmark-Noregs koloni i Indiahavet på midten av 1600-talet lenger nord enn ynskt, i det sørlige India. Trankebar var ein koloni som vart driven av ulike danske handelskompani blant anna det Danske Asiatiske Kompagni, fram til 1777 då styringa blei overtatt av den dansk-norske staten  (Hodne 2008; Hysing 2002; Baumann 1989). Trankebar var dansk fram til 1845, før byen blei overtatt av England og innlemma i det britiskstyrte koloniale India.

Rundt midten av 1700-talet blomstra handel og generering av kapital opp i Trankebar. Trankebar var også eit sentrum for bomullsproduksjon for eksport, bomull var sterkt etterspurt i den europeiske marknaden (Hodne 2008:11). Dorthea Hysing påpeikar at krig og rivalisering mellom dei store koloniherrane førte med seg ei blomstring og auka verksemd for dansk-norske handelsstasjonar (Hysing 2002). Under Ankers tid bestod folkesetnaden i Trankebar av franskmenn og engelskmenn som dreiv sine verksemder i byen, i tillegg til den lokale indiske folkesetnaden og dansk-norske tenestemenn. Det var også enkelte frå Holland og Portugal.

Maleri av Ankers Guvernørbolig i Trankebar
Måleri av Ankers guvernørbustad i Trankebar

Peter Anker og Trankebar

Det var i denne perioden vanleg for norsk-danske og europeiske embetsmenn og funksjonærar å samle seg rikdom under sine opphald i det koloniale India. Dette var mogeleg som resultat av kapitalstraumen som ble generert av den koloniale handelen. Men Peter Anker lykkast ikkje med dette.

Peter Ankers bror, Carsten, som var konsul for Danmark-Noreg i England, industriherre og rekna som Noregs rikaste mann, skreiv dette om sin bror då han returnerte etter 18 år i Trankebar:

"Han har altsaa smukt været i Ostindien, hvor den aller yngste Comptoire-Betjent samler Formue… Efter 18 Aars Ophold hvoraf den største Tid blev henslidt under Chichanerier og Forfølgelser, er han kommet hjem med en svækket Constitution, og maa nu flytte hen til sin Broder for ikke at døe med gjæld. Saadan blev hans Skæbne" (Hysing 2002: 56)  

Dette hadde sin bakgrunn i konflikter mellom lokale tamilske elitegrupper, europeiske embetsmenn og handelsmenn i Trankebar. Peter Anker skriv: ’Mine Grundsætninger have ikke tilladet mig at samle Formue, som sædvanligt naar man gaar til Indierne’ (Hysing 2002:32). Anker skreiv dette då han kom til Trankebar:

" I det hele taget var det indtryk, som den nye guvernør modtog ved sin ankomst, ikke det aller gunstige. På grund af dårlig bestyrelse var trankebar, hvis distrikt hørte til de rigeste udstyrede egne i Indien, efterhånden kommet i et sådan forfald, at alle grenene af forvaltningen trængte til en kraftig indgriben for igjen å komme på fode” (Hysing 2002:54)

Peter Anker viste ein usedvanleg vilje i sin guvernørperiode til å rydde opp i korrupsjonen og vanstyret som fanst i Trankebar.  Som han påpeika ”De mange prokuratorer, hvoraf der vrimlede i Trankebar, forledede de uvidene innfødte til allehånde processer og fremkalde derved mangfoldige forviklinger og ubehageligheder. De innfødte bleve udsugede…”

Innsamlaren og kunstnaren

Peter Anker var amatørmålar og bruka embetstida si i Trankebar til å avbilde det tropiske landskapet med alle sine tempel i ei rekkje måleri. Hans samling av vakre måleri frå Sør-India og Ceylon, består av både hans eigne verk og verk av besøkjande europeiske kunstnarar. Denne samlinga finst i dag i magasina i Kulturhistoriske museum i Oslo.  Han var også ein ivrig innsamlar og størstedelen av hans gjenstandssamling er oppbevart i Nasjonalmuseet i København.

Etter at han kom heim til Noreg, levde Peter Anker eit elles lite hendingsrikt liv, med unnatak av at han var deltakar ved riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, då Noreg endeleg tredde ut av over 400 år med danske overherredømme. I motsetnad til sin bror Carsten, støtta Peter Anker opp om unionen med Sverige, og under denne prosessen blei forholdet mellom brørne svekka.

Litteraturliste

Baumann, C. Hanne 1989. Tranquebars Landsbyer i Det 18.århundrede: En undersøgelse af dansk indflydelse på de sydøstindiske landsbyer med særlig henblik på: Jordsystemet, beskatning og lokal administration. Specialeafhandling ved Københavs Universitetet, Historisk Institut, august 1989.

Hodne, Kjell 2008. "Danske embetsmenn og indiske eliter I kolonien Trankebar: interaksjoner, 1777 - 1808" I Tranquebar Initiativets Skriftserie. Nr.5 2008

Hysing, Dorthea 2000.”Peter Anker-samlingen i Etnografisk museum”, i Kunst og Kultur 1/2000, s.30-50, Oslo

Hysing, Dorthea 2002. ”Generalguvernør Peter Anker (1744-1832) maler og samler”, Universitetets kulturhistoriske museer, Oslo

Utstillinga ”Minner fra India – 20 år i Trankebar. Generalguvernør Peter Anker (1744-1832) maler og samler”, var den fyrste offentlege presentasjonen av samlinga (12. april - 11. august 2002). 

Av Athithan Jayapalan
Publisert 18. aug. 2016 14:02 - Sist endra 1. apr. 2020 11:56