Historisk museum

I 1904 opna Historisk museum på Tullinløkka dørene. Arkitekten bak Universitetets nye museumsbygning ville gje tilsette og besøkjande ei totaloppleving av eit heilskapleg kunstverk, bygd både på europeisk moderne arkitektur og norsk stordomstid. Resultatet blei ein utskjelt affære. Til i dag.

Bildet kan inneholde: bygning, landemerke, arkitektur, klassisk arkitektur, eiendom.

© Kulturhistorisk museum, UiO/ Nina Wallin Hansen

Henrik Bull heldt på å gjera seg ferdig med bygginga av Nationaltheatret då han overtok prosjektet Historisk museum. Vinnaren av den opphavelege arkitektkonkurransen hadde allereie lagt premiss for plasseringa og forma på bygget. Karl August Henriksen døydde derimot før bygginga tok til. Prosjektet blei overført til Bull, ein av byens heitaste unge arkitektar.

Wienerjugend med vri

Inngangspartiet til Historisk museum

Då sjølve bygningen stod ferdig i 1902 var den blant dei mest moderne i hovudstaden.

Det moderne bestod ikkje bare i at den var ny og moteriktig. Museet var nemleg også bygd i jugendstil eller Art Nouveau, ein stil som mange arkitektar meinte skulle erstatte 1800-talets svermeri for tidlegare stilartar. Jugendstilen symboliserte det unge og moderne, men fekk openberre trekk frå fortida, den også. Hovudinspirasjonskjelda var naturen. Medan den fransk-belgiske Art Nouveau spesialiserte seg i slyngande linjer og asymmetri, blei den austerrikske jugendstilen med variantar i Tyskland og Skottland meir prega av geometri og symmetri. Det var her Bull sjølv sa at han fann si hovudinspirasjons-kjelde. Men i Noreg på slutten av 1800-talet var det nasjonale ei sterk kraft. Bull sjølv var svært interessert i gamal norsk byggeskikk og fornminne. Kva var vel meir naturleg enn å la seg inspirere av det norske når bygget skulle vera eit nasjonens skattkammer for det norske folk?

Masker og mørke makter

Ugla blei Henrik Bull sitt gjennomgangstema i bygningen

Både innvendig og utvendig blei museet dekorert med ornament som var inspirert av treskurd frå norsk vikingtid og middelalder. Dramatiske dragar, masker og mosaikkar flaut saman med den internasjonale jugendstilen til noko heilt nytt. I tillegg valde Bull kunnskapssymbolet ugla som gjennomgangstema. Museet skulle, i tillegg til norske oldsaker, også huse numismatikk og den etnografiske samlinga, alle flytta over frå universitetsbygningane på Karl Johan. Forkjærleiken for norrønt inspirerte masker frå ei fjern og mørk fortid let seg godt kombinere med gjenstandar frå eksotiske, fjerne samtidskulturar langt borte frå den ljose sivilisasjonen. Heile huset blei eit eksempel på ideen om at bygning og innhald skulle bli til ein heilskap der publikum både skulle oppleve, få kunnskap og samtidig dei rette assosiasjonane. Opphaveleg hadde salane med norske oldsaker også målte veggfelt med landskap for å styrke ideen om det norske. Men i trapperommet var takkvelvinga dekorert i forgylt wienerjugend, om enn med ein og annan drage lurande i rekkverket.

Gå heim og Vogue

Ljosekroner i Historisk museum

Moderne arkitektur har alltid skapt rabalder. En kritikar i Aftenposten kalle Historisk museum for eit Kasernemæssig Lager, medan ein professor i arkeologi karakteriserte det arkitektoniske smykket som å kle ein gris i snippkjole. Det blei også tatt ille opp at hovudmaterialet i fasaden var importert gul tegl. Jugendstilens problem var også at den snart blei umoderne. På det funkisprega 1930-talet blei museet, av ein leiande kunsthistorikar, karakterisert som en vorte i Oslos ansikt. Inne i museet blei Bulls utstillingsmonter kasta og ljosekroner sendt bort for å bli smelta om. Dekoren blei sett på som forstyrrande. Med tida har derimot Historisk museum blitt oppdaga på nytt av verda. Artiklar om huset dukkar opp i franske Vogue og andre internasjonale tidsskrift. Turistar gispar over vakre detaljer og materiale, over ein handverks-kvalitet som framkallar ekstase og ein ornamentikk som både er norsk eksotisme og europeisk kunsthistorie - samtidig. Teknisk avdeling har nå gjennomført restaurering og tilbakeføring, og med tida vil det forhåpentlegvis dukke opp fleire tapte møblar som kan sendast heim til museet.

Arkitekt i sjokolade

Henrik Bull sjølv gjekk vidare til nye triumfar som Regjeringsbygningen og den noverande amerikanske ambassadørbustaden. Vikingskipshuset hans på Tullinløkka blei det derimot ikkje noko av, men då hadde arkitekten allereie teikna endå ein norsk klassikar; Lohengrin-sjokoladen. Og det er vel eit sterkt, søtt og frydefullt ettermæle for ein universitetsarkitekt?

 

Av Ellen Semb
Publisert 14. nov. 2012 09:18 - Sist endra 1. apr. 2020 12:01