Museets bidrag til Noregs dokumentarv

Noregs dokumentarv er eit register over dokument som representerer viktige hendingar eller personar i historia vår. Registeret er den norske delen av verdas dokumentarv – Memory of the World-registeret. Dette er eit av fleire UNESCO-program som jobber for å gje nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarven. Dokument og arkiv som blir tekne opp i Noregs dokumentarvier nominert av arkiv, bibliotek og museum i heile landet.

Publisert 9. des. 2016 08:30

Kulturhistorisk museum og museumsarkivet er stolte av å kunne presentere ei ny oppføring i Noregs dokumentarv, som ein av 12 blant 26 nominerte kandidatar. Dokumentet som no har fått dokumentarvstatus og dermed vert innlemma i den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register, er Antiquitets Commissionens stiftingsbrev frå 1811. Brevet er ei signert avtale mellom Selskabet for Norges Vel og dei utpekte medlemmane i kommisjonen.