Carl Bock

Portrett av Carl Bock med utmerkingane han mottok, både som oppdagingsreisande, naturforskar og utanrikstenestemann.

Reisa til Borneo

Carl Bock blei fødd i 1849 i København, men voks opp i Kristiansand. Han gjekk på skulen der og i Danmark, og då han var 19 år flytte han i England. I 1875 byrja han å studere zoologi i London. Etter å ha utmerka seg både for sine publikasjonar innan feltet og sin store entusiasme, reiste han i 1878 ut på ein ekspedisjon til Sumatra med finansiell støtte frå ein engelsk marki. Så sette han kursen mot Borneo, som på den tida var lite utforska. Her blei han i fem månader og studerte folkesetnaden og dei politiske forholda. Han sendte naturhistoriske og etnografiske samlingar frå begge reisemåla tilbake til England, og publiserte opplevingane sine i boka The Head-Hunters of Borneo i 1881.

Gjennom Siam med kongens anbefaling

Carl Bock lykkast med sine reiser, og oppnådde eit ry som oppdagingsreisande og eventyrar, noko som gjorde han i stand til å planleggje ein ny ekspedisjon. Denne gongen reiste han til Siam, i dag Thailand. Her budde han nokre månader i Bangkok, og blei han blant anna kjent med Kong Chulalongkorn (r. 1868-1910).

Reiseskildringa frå Siam, Temples and Elephants, blei utgjeven på mange språk. Her er framsida av den norske versjonen, som blei publisert med mange praktillustrasjonar.

Med støtte og anbefalingsbrev frå den populære regenten, la han i 1881 ut på ei ferd gjennom Siam, heilt opp til dei nordlege regionane, dagens Laos. Etter sju månader var reisa over, og Bock skildra denne i boka Temples and Elephants, som blei gjeven ut i 1884. Denne boka er pensum i dag i det thailandske skulevesenet. Som reiseskildring er den interessant fordi ein får eit innblikk i dåtidas Thailand, men ein moderne lesar vil reagere på dei nedlatande og fordomsfulle skildringane Bock kan by på, og hans til tider uetiske metodar for innsamling av gjenstandar.

Frå 1886 blei Bock fyrst visekonsul, så generalkonsul i Shanghai, fram til 1899. Deretter var han konsul fyrst i Antwerpen og så i Lisboa, før han busette seg i Brussel i 1903, der han døydde i 1932.

Innsamling til muse

På reisene sine samla Carl Bock gjenstandar som han seinare selde til British Museum og Victoria & Albert museum i London, og Ethnografisk museum i Kristiania, nåverande Kulturhistorisk museum. I alt 96 gjenstandar blei kjøpt inn av Ethnografisk museum i 1883, frå Siam, Laos, Sumatra og Borneo. Samlinga er variert, og består av enkeltgjenstandar som sølvarmband, myntar, knivar, draktdelar, piper, målerier og keramikk. Dei viktigaste gjenstandane i Carl Bocks samling i Kulturhistorisk museum er ei gruppe Buddha-figurar i bronse.

Av Anne Håbu
Publisert 22. jan. 2015 12:55 - Sist endra 1. juni 2022 09:24