English version of this page

Langeid grav 8 – eit daudehus

I år 2011 blei ein førkristen gravplass frå sein vikingtid oppdaga under arkeologiske utgravingar ved Langeid i Setesdalen. Den skulle vise seg å innehalde fleire titals flatmarksgraver. Mest iaugefallande var grav 8.

Oppsiktsvekkjande grav - praktsverd, breiøks og daudehus (grav 8 - C58882). Illustrasjon: Vegard Vike, KHM/ UiO.

Daudehus

Hol etter fire kraftige stolpar var synlege rundt grava. Desse var frittståande, utan teikn til kammerveggar i mellom. Stolpehola kan vanskeleg forklarast som anna enn takberande, for eit gravhus.

Kiste og gravgåver

Mellom stolpane var det restar av ei kiste. Kilt ned rett på utsida av kistas langsider låg det eit praktsverd på ei side, og ei stor breiøks utanfor den andre. Inne i området der kista hadde vore blei det ikkje observert restar av den daudes kropp, men det blei funne fragment av to sølvmyntar, små stykke av jern og ei fire centimeter kule av bek (mogeleg bjørkeneverbek) med fingeravtrykk frå tilforminga.

Gjenstandane frå grav 8 - sverd, øks, to myntbitar og ein stor bekklump. Foto: Vegard Vike, KHM/ UiO.

Datering av grava

Utover våpentypologi er aldersbestemming av grava basert på ei prøve frå eit av stolpehola datert til 990–1040 e.Kr. (TRa-3791, 1010 ± 30 BP), og eit myntfragment bestemt som ein angelsaksisk penny frå Æthelred II, 978–1016 e.Kr. Samla peikar dette mot ei datering av grav 8 ved Langeid til fyrste halvdel av 1000-talet.

Litteratur

Wenn, Camilla. Glørstad, Z. Loftsgarden, K. (2016) Rapport arkeologisk utgravning Rv.9 Krokå - Langeid, del II: gravfelt fra vikingtid (grav 8: s.42-54).

Stylegar, Frans-Arne (2006) En vikingtidsgravplass på Senum i Setesdal.

Løken, Trond (1971) Dødehus over vikingtids flatmarksgraver. Nicolay nr 9, s.17-21.

Magnussen, Jens Peder (2013) Den gløymte gravskikk? ein diskusjon til dødshusgravskikken i jernalderen (masteroppgave).


Galleri - grav 8

Galleri - Langeid grav 8
Av Vegard Vike
Publisert 8. mai 2016 01:35 - Sist endra 12. jan. 2021 22:03