Skaft og skaftbeslag

Langeidøksa har eit skaft av kirsebærtre og beslag av messing. Vi enda opp med eit skaft på 117 cm, litt i overkant av dei få bevarte eksemplara vi har å basere oss på.

Bildet kan inneholde: tre, hardwood, gulv.

Svein Erik Øya med skaftemne til øksa. Foto: Vegard Vike, KHM/ UiO.

Treslag

Analyse av skaftstumpen på originaløksa fra Langeid viste at dette var av vedarten Prunus, det vil seie kirsebærslekta (vedartsbestemt av Helge Høeg). Slekta består av steinfrukttre som surkirsebær, søtkirsebær (morell), hegg og plomme. Hegg (Prunus padus) veks vilt i Noreg. Vi skaffa fyrst eit skaftemne som vi trudde var hegg, men etter noko usikkerhet om at dette faktisk stemte, enda vi opp med å bruke eit emne av søtkirsebærtre (Prunus avium). Takk til Svein Erik Øya og Håvard Kongsrud for hjelp med å skaffe skaftemne.

Skaftlengde

Det er funne få breiøkser med bevart skaft og nesten ingen med komplett skaftlengde. Frå Lough Corrib i Irland blei det i 2013 henta opp tre breiøkser med bevart skaft (video), også desse bestemt til kirsebærslekta (Prunus).  Av dei tre øksene frå Lough Corrib har berre den minste skaft i komplett lengde (ca. 80 cm) og den var truleg skjefta for einhandsbruk. Langeidøksa er derimot av den store varianten av breiøkser, som var berekna for tohandsbruk. Ved Kirkkomäki i Finland blei det i grav 37 funne ei stor breiøks med bevart skaft i ei komplett lengde på 108 cm - intakt nok til å målast medan den framleis låg i grava (Mäntylä 2007:305). Frå innsjøen Lednica i Polen er det funne mengder av våpen frå omkring 1000-talet, blant anna fleire økser med bevarte skaft. Ei av desse, ei austleg type breiøks, har eit komplett skaft av lønn på 107,4 cm (Kotowicz 2013:186, 274). I Noreg har vi ikkje funne breiøkser med komplett skaft. Det beste skafteksemplaret vi har er ei smalegga øks frå elva Vorma (C34551) frå tidleg 1200-talet. Denne har eit komplett skaft av gran på 111 cm. Tohands breiøkser bør ut i frå desse eksempla ha eit skaft på omkring 110 cm. Vi enda opp med ei lengde på 117 cm.

Bildet kan inneholde: tekst, linje, font.
Bevarte økseskaft. 1. Vorma (1200-talet) 111 cm, tohandsskaft men ikkje breiøks. 2. Lednica, Polen (1000-talet) 107,4 cm. 3. Kirkkomäki grav 37, Finland (1000-1100-talet) 108 cm. 4. Lough Corrib, Irland (1020-1150). Illustrasjon: Vegard Vike, KHM/ UiO.

Messingbeslag

Langeidøksa er av ei eksklusiv gruppe av breiøkser med skaftbeslag av messing. Beslaget på Langeidøksa er laga av ei tilnærma firkanta plate, som er 0,5 mm tjukk. Beslagplata overlappar på baksida av skaftet og er festa til skaftet med 12 messingstiftar. Beslaget er heilt utan dekor. Eit slikt beslag fungerer som ei forsterking av treverkets overflate og har truleg hindra at øksehovudet blei slarkete og laust ved bruk og belastning. Messingstiftane er hovudelause og laga av 2,5 mm messingtråd, som er skråkappa med meisel for å danne spissen. Beslaget på originaløksa ble analysert med XRF (røntgenfluorescens) for å undersøkje legeringa. Analysen viste at beslaget bestod av kopar med ca. 30% sink, nokre få prosent bly og omlag éin prosent sølv og tinn. Dette er å rekne som messing med høgt sinkinnhald, på nivå med mykje moderne messing. Vi hadde ikkje tid og ressursar til å lage messingen sjølv i dette prosjektet, derfor blei moderne messing av tilnærma same kvalitet valsa ned til rett tjukkleik og brukt i beslaget. Takk til Ragnar Løchen for hjelp med messing til øksekopien.

Kiler for skaftfeste

For å feste eit øksehovud og hindre at det fell av skaftet under bruk kunne kilar bli slått inn i skaftenden. Fleire originaløkser har ein slik kile, anten av jern eller tre. Dei tre øksene frå Lough Corrib har kilar av tre. Skaftstumpen på Langeidøksa blei nøye studert for å finne ein slik kile. Overflata på skaftenden er relativt godt bevart og jamn, men ingen teikn til trekile kunne finnast. Men utan kile ville ikkje øksehovudet sitte skikkelig fast ved bruk. Når vi fyrst byrja testkuttinga, forsøkte vi faktisk å feste skaftet som på originaløksa - utan kile. Dette gjekk sjølvsagt gale og øksehovudet løsna etter få hogg. I den endelege skjeftinga slo vi derfor inn kilar av tre.

Litteratur

Kotowicz, Piotr N. (2013) An analysis of the collection of medieval axes. I Topory średniowieczne z Ostrowa Lednickiego i Giecza [Medieval axes from Lednica Holm and Giecz], redigert av Sankiewicz, Paweł og Andrzej M. Wyrwa, s. 43-278. Biblioteka Studiów Lednickich, seria B1, tom 2. Muzeum Pierwszych Piastów na Lednicy. Abedik, Bydgoszcz.

Mäntylä, Sari (2007) The Meaning of Weapons as Grave Goods: Examples from two Southwest Finnish Crusade Period Cemeteries. I Weapons, weaponry and man: In memoriam Vytautas Kazakevicius, redigert av Audronė Bliujienė, s. 302-309. Archaeologia Baltica 8. Klaipėda University Press, Klaipėda.


Galleri - skjefting av øksa (47 bilder)

Galleri - messingbeslag og skjefting
Av Vegard Vike
Publisert 28. apr. 2016 07:59 - Sist endra 23. feb. 2021 08:30