Forsking på alunkonservert tre

Osebergfunna er ein samling unike gjenstandar av internasjonal kulturhistorisk verdi. Det meste av den rike treskurden er behandla med alun, den beste kjende metoden då Oseberghaugen blei grave ut i 1905.  

Bildet kan inneholde: Sjokolade.

Dei alunkonserverte tregjenstandane frå Oseberggrava er i ferd med å falle i frå kvarandre. Foto: KHM/ UiO.

Konserveringa som blei gjort med alun er årsaka til at gjenstandane i dag blir aktivt bryte ned. Dersom dette ikkje blir forhindra, står gjenstandane i fare for å falle frå kvarandre.

Trudde alun var lurt

Etter utgravinga på byrjinga av 1900-talet blei hundrevis av gjenstandar behandla med alun, ein metode som på den tida var det beste ein kjende til som metode for bevaring av vasstrekte tre. Det er denne metoden som er grunnen til at gjenstandane i dag blir aktivt bryte ned. Dei vasstrekte fragmenta av tre frå Osebergfunnet blei lagt i ei metta løysing som bestod av alunsalt og varmt vatn, deretter blei gjenstanden vaska, lufttørka, og impregnert med kokt linolje.

Problemet med alunkonservering

Alunmetodens formål var at alunsaltet skulle trengje inn i treet og sørgje for at dei vassfylte cellene i treverket ikkje kollapsa. Dette skjedde også – til ei viss grad.

Problema vi no ser er relatert til alunmetoden i seg sjølv, som viste seg ikkje å trengje særleg langt inn i treets struktur, men også til dei etterfølgjande prosessane der dei alunbehandla gjenstandsfragmenta blei sett saman til ein gjenstand.

I rekonstruksjonane i åre som følgde blei mange fragment sett saman med naglar, skruar, stiftar, metallplater, lim, nytt treverk og fyllstoff, for til slutt å bli pensla med fleire strøk lakk – som skulle holde det heile saman.

Dette gjev ein uhyre kompleks gjenstand som er tung. Den er skjør, fylt med sprekkar innvendig og utvendig og der metallelementa som skulle halde fragmenta saman er delvis korrodert, lause og ikkje lenger fyller den funksjon dei ein gong hadde.

Alunsaltet var meint å fylle trecellene for å unngå kollaps, men dette har ikkje fungert tilfredsstillande.

Dagens situasjon

Den viktigaste årsaka til dagens nedbryting er likevel knytt til sjølve alunmetoden. Svovelsyra som bli produsert inne i treverket har bidrege til at trecellene gradvis har blitt «ete opp» over deia siste 100 år og ført til at trecellene i dag er øydelagde. Det vil seie at trestrukturen i dei samansette fragmenta er delvis borte, og at gjenstandane er svært mykje svakare i dag enn då dei blei konservert på byrjinga av 1900-talet.

Les meir om

Publisert 13. mars 2013 14:05 - Sist endra 15. mai 2024 13:26