Rekonstruksjon av måleri og skulptur

Rekonstruksjon av mellomalderens måleteknikkar har sett mange år med teoretisk forsking på prøve. Det er ei spennande utfordring å slipe grundering med haiskinn, polere sølv med ulvetennar og lage måling frå botnen av utan løysemiddel.

Madonna frå Hedalen, Valdres

Madonna fra Hedalen rekonstrueres
Målerikonservator Svein A. Wiik måler den blå pelsimitasjonen i madonnaens kappe.
Foto © KHM, UiO.

Den 143 cm høge skulpturen er datert til midten av 1200-talet. Den blei skapt på nytt slik den såg ut då den var heilt ny. Det blei brukt same verktøy, materialar og framgangsmåte som mellomalderens handverkar ein gong utførte originalen med, så langt vår kunnskap rekkjer i dag. Det var eit unikt høve til å prøve ut og utdjupe kunnskapar hausta ved forsking på mellomalderens måleteknikk sidan 1960-åra. Rekonstruksjonen var ferdig i 1990.

Les meir om

Rekonstruksjon av frontalen frå Tingelstad, Hadeland

De sorte konturene males på Tingelstadrekonstruksjonen. Foto © KHM, UiO

Frontalen frå Tingelstad på Hadeland måler 98,5 x 160 cm og er datert til andre halvdel av 1200-talet. Den originale frontalen har vi i samlingane til Kulturhistorisk museum (C5040).

Frontalen har tidlegare gjennomgått omfattande undersøkingar og analyser ved professor emeritus Unn Plahter ved Kulturhistorisk museum. På grunnlag av dette arbeidet veit vi i dag mykje om korleis frontalet blei framstilt, og om materiala som blei brukt.

Ein rekonstruksjon av frontalen blei laga på oppdrag frå Gran Kyrkjelege Fellesråd i 2011/12. Prosjektleiarar var målerikonservatorane Katrine Scharffenberg og Anne Milnes. Dei utførte polykromeringen [målinga] av panelet. Grundering og forsølving blei utført av forgyllar Sarah B. Eggen. Båtbyggar Lars Stålegård frå Kulturhåndverkerne snikra panelet. Kulturhistorisk museum ved målerikonservatorane Eivind Bratlie og Kaja Kollandsrud, og Unn Plahter, bidrog med  kunnskapen sin om mellomalderens teknikkar til arbeidet.

Formålet var å lage ein rekonstruksjon som vil sjå ut som, og ha dei same måleriske verknadene som originalen, så langt dagens kunnskap strekkjer seg. Les meir om formålet.

Ein blogg følgde prosessen der frontalet blei skapt på ny i ein heilt ny versjon.

Litteratur

  • Plahter, Leif E., Erling Skaug, and Unn Plahter. Gothic Painted Altar Frontals from the church of Tingelstad: Materials, Technique, Restoration. (Medieval Art in Norway). Oslo: Universitetsforlaget, 1974.
  • Plahter, Unn, Erla B. Hohler, Nigel J. Morgan, and Anne Wichstrøm. Painted Altar Frontals of Norway 1250-1350. 3 Vols. London: Archetype Publications, 2004.
  • Scharffenberg, Katrine, and Anne Milnes. "Experiencing the Authentic: the Reconstruction of the Tingelstad Frontal, a Norwegian Altar Frontal from the 13th Century", in Gordon, R., Hermens, E. and Lennard, F. (eds.) Authenticity and Replication - 'The Real Thing' in Art and Conservation. London: Archetype Publications, 2014: 169-179

Video om produksjonen av ein ny Hedalmadonna

Se fil om rekonstruksjonen av madonna fra Hedal, Valdres

Les meir om rekonstruksjonen av Tingelstadfrontalet

Publisert 3. feb. 2021 09:11 - Sist endra 24. jan. 2024 11:15