Arkeologisk flaskepost

I arkivet har vi mykje interessant dokumentasjon etter utgravingane av Raknehaugen i 1940-åra. Desse vart leda av Oldsaksamlingens bestyrar Sigurd Grieg. Då vi denne månaden rydda i desse papira knytt til utgravingane her, fann vi noko heilt uvanleg – ein flaskepost.

Bildet kan inneholde: håndskrift, tekst, font, skrive, papir.

Brevet som vart funne i ein flaskepost i Raknehaugen. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Anne Britt Halvorsen

Blant alle dei spanande og interessante dokumenta fann vi ein liten konvolutt med eit lite, gulna brev underteikna av juristen og hobbyarkeologen Anders Lund Lorange.

Brevet lyder slik:

Raknehaugen 8. august 1870

Høistærede Granskercollega!

Salutem!

Gid Nornerne bedre lønne dit Arbeide end… mit. Saalangt som hid kom jeg ind i Raknehaugens Indre, men maatte vige for Vanskelighederne – grov derpaa en forgjæves Brønd 61 Fod dyb i Haugens Top, og dækker nu atter alt til, idet jeg nedlægger dette Minde om min Nærværelse og denne Ledetraad for mine Efterfølgere.

Anders Lund Lorange født paa Fredrikshald 12. mai 1848.

Ingeborg Heftyes Ven

Kva i all verden var dette for eit brev? Etter å ha leita i litteraturen etter meir informasjon, fann vi fram til Anders Hagens bok Gåten om kong Raknes grav (1997). Her kunne vi lesa at brevet frå 8. august 1870 vart funne 70 år etter – i ein flaskepost på botnen av Raknehaugen. Griegs undersøking i 1940 sysselsette ungdomar og ga dei arbeidsopplæring. Den 9. august fann to av desse ungdomane to flasker – ei med øl og ei rhinskvinsflaske med 8 sølvmyntar og dette forsegla brevet. Forseglinga er stempla med eit våpenskjold.

I brevet, som Anders Lorang skriv som ein hilsen til sine arkeologiske etterfølgjarar, proklamerer han seg til sist som Ingeborg Heftyes ven. Ingeborg var dotter av den velståande konsul Heftye, som blant anna hjelpte Lorange med ein del pengar til å grave.

Vi veit svært lite om tilhøve mellom Anders og Ingeborg, men noko gifte vart det aldri. Ingeborg gifte seg i 1872 med teologen, læraren og folkeopplysningsmannen Frits Hansen og busette seg på Hamar. Anders flytte same året til storgarden Åker ikkje langt frå Ingeborgs nye heim, og gifte seg i 1877 med Emma Gade.

Same året som han gifte seg med Emma skreiv Anders det vesle diktet som vart presentert tidlegare her på bloggen.

Kan det vera Emma han i timevis gjekk rundt i gatene for å få eit glimt av? Eller kan det faktisk vera Ingeborg?

Brevet føyer seg i alle høve inn i rekkja av eksempel som viser at arkivet på KHM er eit arkivarisk skattkammer.

Galleri

Kilder

  • Hagen, Anders (1997): Gåten om kong Raknes grav. Hovedtrekk i norsk arkeologi. Cappelen fakta.
Emneord: Raknehaugen, Anders Lund Lorange, Ingeborg Heftye, Sigurd Grieg
Publisert 1. okt. 2015 08:19 - Sist endra 23. feb. 2021 07:48