Ny oppføring i Noregs dokumentarv for Kulturhistorisk museum - Antiquitets Commissionens stiftingsbrev frå 1811

Kulturhistorisk museum og museumsarkivet er stolte av å kunne presentere ei ny oppføring i Noregs dokumentarv, som ein av 12 blant 26 nominerte kandidatar. Dokumentet som no har fått dokumentarvstatus og dermed vert innlemma i den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register, er Antiquitets Commissionens stiftingsbrev frå 1811. Brevet er ei signert avtale mellom Selskabet for Norges Vel og dei utpekte medlemmane i kommisjonen.

Bildet kan inneholde: tekst, håndskrift, papir, konvolutt, papirprodukt.

Bilete av brevets framside der både avsendar og mottakar er notert. Seglet tilhørar Det kongelige selskab for Norges vel. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

For Kulturhistorisk museum si eiga historie er dokumentet viktig fordi antikvitetskommisjonen var den spede byrjinga på det som etter kvart vart Universitetets Oldsaksamling, i dag ein del av Kulturhistorisk museum.

Den nasjonale tydinga er desto viktigare. Den foreløpig lite kjende og omtalte antikvitetskommisjonen var ei viktig brikke i kampen om eit eige, nasjonalt norsk kulturminnevern, som skulle hindre at norske oldsaker vart sendt ut av Noreg. Opprettinga av ein norsk antikvitetskommisjon er samtidig ein del av den aller tidlegaste, nasjonalt grunna og organiserte politiske reaksjonar mot København i tida før 1814. Utan kongens samtykke, og i direkte opposisjon mot ein dansk, statleg antikvitetskommisjon, vart det oppretta eit halvoffentleg organ som skulle sikre norske interesser mot dansk herredøme.

Antikvitetskommisjonen illustrerer såleis det fyrste offisielle steget mot eit formalisert vern av norske kulturminner, sjølve grunnlaget for det vi i dag kjenner som Kulturminnelova. Ikkje minst syner arbeidet for og av antikvitetskommisjonen korleis kulturminna vart viktige brikker i arbeidet med å skape ei forståing av Noreg som sjølvstendig historisk nasjon. Som eit politisk verkemiddel for den norske eliten i opposisjon mot den danske styresmakta vert kommisjonens arbeid sentral for den historiske utviklinga av norsk humaniora og politikk, i kraft av å være ein slags kulturell premissleverandør forut for det kulturelle og politiske klima kor det i 1814 vart mulig å forfatta ein  norsk grunnlov.

I bildegalleriet nedst på sida kan du blant anna sjå og lesa stiftingsbrevet.

Vi har fått brevet transkribert og det lyder slik:

S. T. Dhr Justitsr. Bull, Overl. Flor,

Overl. Arnesen og Cand. Edv Munk!

 

I følge den Indbydelses Plan, som Selskabet i Høstring

 =gen af forrige Aar udgav, hvori enhver Norges Mænd

opfordredes til at opbevare, og indsamle de faa Mindes

=merker fra Oldtiden, der endnu maatte findes her i

Landet, til Selskabet for Norges Vel, som tillige love

=de blant dets Medlemmer at udvælge en egen Commission,

der kunde paatage seg at ordne og bestyre de til det vor

=dende Antiqvitets Musæum indsamlede Oldsager, har

Directionen allerede fra flere hederlige Mænd og Qvin

=der modtaget Prøver og Bewiis paa det Bifald, hvormed

denne Opfordring er bleven optaget. Da der saaledes

allerede er indkommet en Deel Oldsager, og Directio

=nen har grundet  Haab om, at samme stedse vil vorde

forøget, saa have vi troed ikke lenger at burde ud

=sætte Valget af Selskabets Antiqvitets Commission,

til hvis Medlemmer bleve i Direktions Mødet den

30 Marts forstaaede og udvalgte L. T. Dhr.  Justitsraad

J. Bull, Overl: Flor, Overl: Arnesen og Academie

=lærer Edv. Munk. I det vi saaledes have den Ære  

at tilmelde S. T. Dhrr dette Valg maae vi tillige tienstligst

underrette den ærede Commsission om, at vi under Dags

Datum ogsaa have tilskrevet Pastor Mørch i Hurum om,        

at tiltrtræde Commissionen som corresponderende Medlem,

og saaledes at modtage og oplyse især ethvert gammelt

Pergaments Brev eller Document, som S. T. Commissionen 

 

side2:

maatte tilskikke ham, m. v. Ligesom vi ikke

paatvivle, at ovennævnte Mænd jo velvilligen

paatage Dem denne Embedspost til Held og Heder

for vort Norske Samfund, saa skulle vi ei heller

undlade at tilmelde S.T. Dhrr, saa snart Svar

indløber fra Hr Pastor Mørch, der sikkerligen med

største Beredvillighed vil meddele Commissionen en-

hver Oplysning, som det staaer i hans Magt at til-

veiebringe.

De Oldsager som allerede ere indkomne,

vil S. T. Commissionen behageligt mottage af Sel-

Skabets Secretaire.

Christiania, Directionen af det Kongl. Selskab

for Norges Vel d 13. April 1811.

 

Beck

F.Rasmussen  Platou  Rosted Bull Maschman Rosenkrantz  H.Wedel Jarlsberg

 

Galleri
Emneord: Norges Dokumentarv, Antikvitetskommisjonen, Selskapet for Norges Vel, Oldsaksamlingen, Kulturhistorisk museum, Kulturminner, Kulturminnevern
Publisert 9. des. 2016 08:30 - Sist endra 9. sep. 2020 10:05