Arkeologisk feltarbeid 2024

Marius Haugen og Carine S. Rosenvinge graver rundt en sjelden bruddstein av kvartsitt på steinalderboplassen Tveitan i Bamble kommune i Telemark. Fra kvartsittsteinen har jeger-sankere for 9600 år siden laget emner til bl.a. jaktvåpen. Foto: Nora N. Øynebråten, Kulturhistorisk museum.

Marius Haugen og Carine S. Rosenvinge graver rundt en sjelden bruddstein av kvartsitt på steinalderboplassen Tveitan i Bamble kommune i Telemark. Fra kvartsittsteinen har jeger-sankere for 9600 år siden laget emner til bl.a. jaktvåpen. Foto: Nora N. Øynebråten, Kulturhistorisk museum.

Utlysing på Jobbnorge

Anbefalinga er å søkje tidleg for å kome raskt i betraktning.

Generelt om feltsøknaden

Er du arkeolog eller i gang med utdanninga, kan du søkje feltarbeid hos oss. Vi ser i utgangspunktet på alle søknader som generelle, det vil seie at dei vil gjelde for alt feltarbeid som kjem i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Ein kan likevel kome med spesielle ynske. Stillinga som feltleiar, og av og til også for assisterande feltleiar og feltassistent, inneber for- og etterarbeid. Hugs å leggje ved ein lettforståeleg CV og eventuelt andre dokument (avgrensa mengde og filstorleik).

I samband med tildelinga av arbeidet vil det bli gjort ei lønnsplassering. Relevant arkeologisk tenesteansiennitet må derfor dokumenterast. Alle personopplysingar blir handsama konfidensielt, og blir berre brukt i samband med midlertidig arbeid ved Kulturhistorisk museum. Send e-post dersom det er oppdateringar av betyding som du vil gje beskjed om. E-postane blir mottatt og registrert, men av kapasitetsgrunnar svarar vi ikkje alltid. Dersom du ikkje har tilgang til nett/e-post kan du ringe +47 22 85 19 22. Dei som får tilbod om deltaking på prosjekta vil bli kontakta.

Feltsesongen strekkjer seg normalt frå slutten av april til ut oktober, men feltarbeid kan også bli utført utanfor dette tidsrommet. Tilsetjingar skjer gjennom heile sesongen. Tilbod om arbeid blir formidla direkte til den enkelte.

E-post: arkeologi-adm@khm.uio.no
Telefon: +47 22 85 19 22

Oversikt over feltarbeid

Følg linken til oversikter over feltarbeid.

Av Stine A. Melvold, Tom Heibreen
Publisert 19. feb. 2019 13:54 - Sist endra 1. mars 2024 09:22