English version of this page

Runesteinar i Noreg

Mykje har skjedd med runesteinar i Noreg sidan dei fyrst vart reist. Her er nokre døme frå livet til tre kjende runesteinar som no høyrer til samlingane ved Kulturhistorisk museum.

Galtelandssteinen

Bildet kan inneholde: væpne, svart og hvit, tre, linje, hånd.
Galtelandssteinen (museumsnummer C7538). Foto: James E. Knirk, Kulturhistorisk museum

Galtelandssteinen frå Evje i Agder er eit minnesmerke som ein far har reist til minne om sonen sin. Innskrifta (N 184 i korpusutgåva) fortel: «Arnstein reiste denne steinen etter Bjor, sonen sin. Han fann døden i hæren då Knut angreip England. Éin er Gud». Tilvisinga til danskekongen Knut den mektige og tokta i England vil seie at steinen må ha vore reist rundt 1020. Steinen stod på sin stad på Evjemoen då biskop Thomas C. Wegner laga ei teikning med omtale på 1600-talet. Handskriftet hans vart sendt til historikaren Ole Worm i Danmark. Ein kopi av bladet med teikninga finst i Runearkivet ved Kulturhistorisk museum. Dette er eit arkiv som inneheld dokumentasjons- og forskingsarkivaliar om norske runeinnskrifter. 

Ein gong mot slutten av 1700-talet vart steinen flytta til gardsplassen på Galteland. På ein eller annan måte mista han toppen, og delen som opplyste om Englandstokta til Knut gjekk tapt. Teikningar og registreringar frå byrjinga av 1800-talet syner resten av innskrifta. Tidleg i 1820-åra undersøkte soknepresten Poul Lassen Galtelandsteinen. Steinen vart då lagt ned, og ein annan del losna seg. I 1850-åra vart steinstykke blant anna brukt til å byggje ein skorstein på garden. Fyrst ein del år seinare fekk antikvarar i Kristiania (Oslo) vite om dette. Skorsteinen vart rive i 1875, og sju fragment kom då til Universitetets Oldsaksamling (no Kulturhistorisk museum).

På 1990-talet laga tilsette ved museet ein rekonstruksjon av steinen. Leiaren for Runearkivet, James E. Knirk var fagleg ansvarleg for prosjektet. Knirk har skrive om arbeidet med Galtelandssteinen i ein artikkel utgjeven i årboka til Universitetets Oldsaksamling i 1995-96. Materiale ved Runearkivet gjev innsyn i korleis delar av arbeidet gjekk føre seg. Den rekonstruerte Galtelandsteinen er ei viktig historisk kjelde om vikingferder vestover. Det er tenkt at steinen vil inngå i utstillinga på det nye Vikingtidsmuseet i 2025. 

Alstadsteinen

Alstadsteinen (museumsnummer C22007). Foto: Ann Christine Eek, Kulturhistorisk museum.

Ein annan kjend runestein er Alstadsteinen frå nedre Alstad gard, Toten i Oppland. I dag er steinen del av mellomalderutstillinga på Historisk museum. Alstadsteinen med sine to minneinnskrifter er eit uttrykk for gjenbruk. Den eine innskrifta stammar truleg frå byrjinga av 1000-talet, den andre kan vere omtrent 50-70 år yngre. Alstadsteinen er rikt ornamentert. 

Den eldre teksten (N 61) opplyser: «Jorunn reiste denne steinen etter… som var gift med ho, og (ho) førte (den) ut frå Ringerike, frå Ulvøya. Og bildesteinen heidrar begge». Det yngre tillegget (N 62) fortel om ein mann som døydde på ei ferd austover: «Engle reiste denne steinen etter Torald, sonen sin, som fann døden i Vitaholm, mellom Ustaholm og Gardar». Den eldre innskrifta går langs ei av smalsidene og fortset langs venstre kant på ei av breisidene. Den yngre innskrifta er organisert som tre vassrette linjer under bilda på den same sida. 

Toppen av Alstadsteinen er skada, og overflata har mange små hol. Desse er mest sannsynleg frå pilskodd. På 1800-talet fall ein tømmerstokk på steinen, og han brekte i to delar. Fleire stader ser vi dessutan spor etter kniv- eller sverdkvessing. Delar av den eldre innskrifta er særs forvitra.

Dynnasteinen

Dynnasteinen (museumsnummer C9909). Eirik Irgens Johnsen, Kulturhistorisk museum.

Det tredje dømet er Dynnasteinen frå Dynna gard på Gran i Hadeland. Steinen vart reist ein gong i fyrste halvdel av 1000-talet. Fyrste omtale er kjend frå 1643 i det store runeverket til Ole Worm. På 1700-talet vart steinen flytta inn på gardsplassen. I dag står han som eit stolt midtpunkt i den nye utstillinga VÍKINGR på Historisk museum. 

Teksten langs den høgre smalsida fortel at dette er eit minnesmerke som ei mor laga til minne om dottera si: «Gunnvor, Trydriksdotter, gjorde bru etter Astrid, si dotter. Ho var den hendigaste møya på Hadeland». Steinen vitnar om overgangen til kristen tru – denne bodskapen er formidla gjennom tekst og bilde. På framsida finst bilde som framstiller fødselen til Jesusbarnet. 

På same måte som Alstadsteinen ber Dynna preg av ulike skadar. Toppen er skada, og overflata er kjenneteikna av hol og andre merke. Nokon har til og med rissa initialane sine og årstalet 1875 inn på eitt av motiva på framsida. 

Steinane frå Galteland, Alstad og Dynna stod i si tid på gardsplassar som uttrykk for minnetradisjonen hos ulike slekter. Saman med fleire andre runesteinar i Noreg og Skandinavia tek dei oss attende til tida då dei fyrst vart reist. Samstundes kastar dei ljos over andre hendingar i livet sitt, og nye historier er skapt gjennom møte med dei som opplever steinane på museet i dag.

Av Tea Kristiansen, Kristel Zilmer
Publisert 1. juli 2020 09:45 - Sist endret 23. sep. 2020 08:32