Europa

Europa strekkjer seg frå Svalbard i nord til Gibraltar i sør. 

  • Dagens samar bur i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Gjenstandar frå museets samiske samling er stilt ut i Arktis-salen.
  • Museet har ei antikksamling frå Middelhavsområdet.
  • Oldsaksamlinga frå norsk førhistorie er ein del av Europas kulturhistorie.

Otzi – Ismannen frå Alpane

Utstillinga opnar eit vindauge mot fortida, fortel historia om den 5.300 år gamle ismannen og gjev eit spennande innblikk i kva moderne forsking kan fortelje om verdas eldste mumie.

Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig

Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.

Dødskult i antikken

Døden er ein del av livet ein ikkje kan kome unna og den har alltid vore skremmande. Det som ventar oss etter døden er eit mysterium. Tru og ritual som hjelpte menneske med å forsone seg med døden i antikken, kan virke underlege for oss i dag, men vi forstår kjenslene dei uttrykkjer.

Isens arkeologi - Funn frå fonner i fjellet

Klimaendringane gjer at snøfonnene i høgfjellet minkar raskt. Gjenstandar som har ligge skjult i isen i mange hundre, kanskje i fleire tusen år, kjem for ein dag og blir fort øydelagt.

Gay Kids

Kule barn som også finst.

Levd liv

Utstilling av skjeletta frå Gokstad- og Osebergskipet i Vikingskipshuset.

Far vel - Livets slutt i det fleirkulturelle Noreg

Livet er ofte omtalt som ei reise, akkurat som døden. Både på norsk og andre språk seier vi at vi går bort, reiser til det neste liv, til dei evige jaktmarker, går til våre forfedrar, over til den andre sida og vandrar hen.