Eksport
Kulturminnelova regulerer utførsel av kulturgjenstandar frå Noreg. Målet er å verne vår kulturarv og historie ved å hindre at viktige kulturminne blir ført ut av landet ulovleg, og ved å sikre god dokumentasjon på gjenstandane som blir eksportert på lovleg vis.
Ein må søkje om eksportløyve for arkeologiske gjenstandar, inkludert myntar eldre enn 1537, og for etnografiske gjenstandar eldre enn 1900. Det er i tillegg utarbeidd ei oversikt over enkelte nyare myntar, medaljar, pengesetlar og ordenar av nasjonal verdi som ein må særskild søkje om (jf. eigen liste i forskrift til Kulturminnelova).
Mynter fra 1600-tallet. Beslaglagt av Tolletaten, tilbakeført til Latvia 2021.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO
Ringer fra middelalderen. Beslaglagt av Tolletaten, tilbakeført Latvia 2021.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO
Prekolumbianske øksehoder i bronse. Politibeslag, tilbakeført Peru i 2018.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO
Såkalt «vikingspydspiss» i bronse sendt fra UK. Beslaglagt av Tolletaten i 2020,
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO
Såkalt «vikingspydspiss» i bronse sendt fra UK. Beslaglagt av Tolletaten 2020.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO
Romerske bronsemynter fra ulovlige metallsøkerfunn, sendt fra Spania. Beslaglagt av Tolletaten 2020. Ikke tilbakeført etter rettsbehandling i Norge.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO
Import
Dersom ein ynskjer å ta med ein kulturgjenstand inn i landet må ein ha eit gyldig eksportsertifikat dersom utførselslandet krev det. Målet er å hindre ulovleg omsetnad av kulturgjenstandar. Handelen med ulovlege kulturminne har blitt eit omfattande problem globalt. Noreg er forplikta av internasjonalt avtaleverk til å bidra til å avgrense slik handel og bevegelse av ulovlege kulturgjenstandar.
Ved mistanke om ulovleg handel, utførsle, innførsel eller eigarskap har museet varslingsplikt til rette myndigheit. Dette kan vere tollvesenet, Økokrim, politidistrikta, fylka eller relevant vedtaksmuseum. Kulturdepartementet er regeleiar på saksfeltet.
UNESCO har laga ei oversikt som regulerer kva som er lovleg og ulovleg å ta med ut av respektive land rundt omkring i verda. Dersom ein planlegg å kjøpe kulturgjenstandar i utlandet har ein plikt til å setje seg inn i utførselslandets lovverk på området før gjenstandane blir frakta ut.
Donasjonar og gåver
Museet får tidvis tilbod om gåver og donasjonar. Om slike skal aksepterast må det kunne dokumenterast eit gyldig eigarskap som stadfestar at gjenstandane ikkje er ulovleg erverva i opphavslandet, eller er ulovleg utførd herifrå eller frå eit mellomliggjande land. Gjenstandanes eigarhistorikk frå oppdagningstidspunkt må vera klarlagd og dokumentert.
Museet kan fungera som eit mellombels depot for gjenstandar utan eigarhistorikk, eller som mistenkjast å vera ulovleg innførd til Noreg dersom Kulturdepartementet, politi eller tollvesen ber om det.
Identifikasjon og verdsetting
Museet utfører ikkje identifikasjon av gjenstandar utan dokumentert eigarhistorikk. Verdsetting og vurdering av ekteheit for gjenstandar i privat eige utførast ikkje ved museet.
Verde kan vurderast etter offisiell oppfordring frå andre museum eller kompetent juridisk, statleg eller annan ansvarleg offentleg myndigheit.
Tilbakeføring av kulturgjenstandar
Dersom eit opphavsland eller ein folkegruppe søkjer om å få tilbakeført ein gjenstand som beviseleg er blitt eksportert eller på annan måte overført i strid med prinsippa i internasjonale og nasjonale konvensjonar, og det kan dokumenterast at gjenstanden er del av landets eller ei folkegruppes kulturarv, kan museet medverke til dette og bidra til samarbeid om tilbakeføring.
Søknadsskjema for utførsel:
Kontakt
Les meir
- Etiske retningslinjer for museer i Norge. Åpent, inkluderende, transparent og profesjonelt (pdf)
- ICOM Code of Ethics for Museums
- Europarådet, European Convention on the Protection of the Archaeological Heritage (“Valettakonvensjonen”), særlig artikkel 10: europeisk konvensjon om vern av den arkeologiske kulturarv (revidert)
- Europarådet, European Convention on Offences relating to Cultural Property (“Nicosiakonvensjonen”), Council of Europe Convention on Offences relating to Cultural Property
- Lovdata: forskrift for § 23 i Kulturminneloven: Forskrift om utførsel og innførsel av kulturgjenstander
- Lovdata: forskrift for § 23 b i Kulturminneloven: Forskrift om tilbakelevering av stjålne og ulovlig utførte kulturgjenstander
- Annen protokoll til Haag-konvensjonen av 1954 om beskyttelse av kulturverdier i tilfelle av væpnet konflikt (kun tilgjengelig på engelsk)
- UNESCO 1970 Konvensjon om tiltak for å forby og forhindre import og eksport av kulturgjenstander og ulovlig overføring av eiendomsrett til kulturgjenstander (kun tilgjengelig på engelsk)
- UNIDROIT 1995 Konvensjon om stjålne eller ulovlig utførte kulturgjenstander (kun tilgjengelig på engelsk