English version of this page

Forvalting av kulturminne

Kulturminneforvaltning

Kulturhistorisk museum er fagleg rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunar og andre instansar i kulturminnevernet. Museet uttalar seg om kulturminners kjeldeverdi basert på vitskapelege kriterier og forskingsstatus. Kjeldene blir tatt vare på gjennom arkeologiske utgravingar. Forsking og faglig utvikling står sentralt og er nedfelt i satsingsområde.

Arkeologiske utgravingar

Kulturhistorisk museum gjennomfører kvart år ei rekkje større og mindre arkeologiske undersøkingar i dei fem sør- og austlandsfylka, Agder, Innlandet, Oslo, Vestfold og Telemark, og Viken. Undersøkingane kjem i stand når private og offentlege utbyggingstiltak rører ved kulturminne. Er kulturminnet eldre enn frå år 1537 kallast det eit fornminne, og er automatisk freda.

Metallsøking

Privat metallsøking har dei siste åra fått eit stort omfang, og antallet detektorfunn som blir levert til Kulturhistorisk museum har auka kraftig i dei seinare åra. Kulturhistorisk museum har utarbeidd ei eigen rettleiing for privat metallsøking, ein Mønsterpraksis, som er tilgjengeleg her. Vi er opptatt av at det skal vera eit godt samarbeid mellom metalldetektoristane og kulturminneforvaltinga, og unngå skadelege inngrep i kulturminne og brot på kulturminnelova.

Vern mot ulovleg import og eksport av kulturminne

Kulturhistorisk museum er nasjonal vedtaksinstitusjon for eksport av arkeologiske og etnografiske gjenstander. Museet er også sakkyndig i saker der det er mistanke om ulovleg import av kulturminne.

Vil du melde om eit funn?

Har du funne noko som kan vera eit kulturminne?

Arkeologiske funn

Vi oppdaterar ikkje lenger oversikten over nye funn frå publikum, men du kan sjå arkivet over tidlegare funn her.

Les meir