Vis sammendrag
I samband med detaljregulering for ny skule på Vesterøya i Sandefjord kommune, Vestfold fylke, vart det i perioden 28. august–21. november 2023, gjennomført arkeologisk undersøking av lokaliteten Husebyjordet (id 290029). Lokaliteten låg på om lag 13,2 daa dyrka mark, 25–32 moh., i eit slakt hellande dalsøkk mellom to skogkledde kollar. Dalsøkket er lokalisert på den nordlege delen av Vesterøya i Sandefjord. Lokaliteten vart registrert som eit busetnad-/aktivitetsområde frå bronsealder og jernalder. Frå gardane Huseby og Vindal var det sidan 60-talet levert inn om lag 1300 steingjenstandar samt enkeltskår av keramikk. Lokaliteten var vurdert som kompleks og beståande av busetnad- og aktivitetsspor frå fleire periodar av førhistorisk tid.
Den arkeologiske undersøkinga påviste 178 strukturar og kontekstar, og omtrent 6070 funn. Det vart mellom anna påvist dyrkingsspor ved fire dyrkingslag og 58 ardspor, eit kulturlag med keramikk, 72 stolpehol fordelt over tre område; deriblant sannsynlege bygningsspor etter ein stolpebærande konstruksjon med grøft. Vidare vart det påvist kokegroper og nedgravingar med meir. Funnmaterialet er fordelt på 4065 steingjenstandar, 376 (<1200 g) keramikkfunn frå minst ni ulike leirkar, tre gjenstandar av jern og metall, om lag 1593 fragment av brente dyrebein og 15 fragment av hasselnøttskal. Det vart utført 257 vitskaplege analysar. Derav 50 vedanatomiske analysar, 58 screening av makrofossilprøvar, 16 makrofossilanalysar, fem pollenprøvar, osteologisk analyse av 13 kontekstar (1587 fragment) med brente dyrebein, 12 jordkjemiske analysar, tre jordmikromorfologiske analysar og 62 C14-analysar.
Husebyjordet er eit fleirfasa busetnadsområde. Samanlagt har undersøkinga kartlagt tre hovudfasar for aktivitet. Fasane er kartlagt ved radiologiske dateringar, typologisk og teknologisk tidfesting av funnmaterialet, og ved strandlinjedatering.
Den eldste fasen er satt til tidleg- og mellomneolitikum, men med størst intensitet på aktivitet i tidlegneolitikum, mellom 3900 og 3500/3300 f.Kr. Lokaliteten fanst plassert på eit eide ved to sjøbukter. Storparten av arealet til lokaliteten har truleg inngått i eit busetnad- og aktivitetsområde i den eldste aktivitetsfasen. Lokaliteten ser ut til å ha vore besøkt over ein 600 år lang periode, medan den var strandbunden. Diagnostiske gjenstandsfunn var mellom anna einegga-, tverregga- og A-spissar av flint. Det vart påvist minimum tre leirkar dekorert med snorinntrykk av tosnodd tråd, kileforma groper av loddrette meiselstikk, og med snorstempeldekor. Leirkar var keramikk av traktbegertype. Plasseringa av lokaliteten i landskapet viser i retning av erverv som marin jakt, fangst og fiske. Dette representerte etter alt å døme, ressursgrunnlaget for busetnaden på Vesterøya, i første del av neolitikum.
Den neste aktivitetsfasen er tidfesta frå seinneolitikum til og med førromersk jernalder, nær sagt samanhengande gjennom 2000 år, frå 2100- til 200 f.Kr. Analyseresultat viser gjødsling av jorda med fjøsavfall, og det er påvist byggpollen frå dyrkingslag. Utstrekninga av ardspor følger arealet av eit dyrkingslag sentralt på jordet. Det er identifisert makrofossil av byggkorn og emmerkveite. Påviste kornartar kan vise til fleire sekvensar med dyrking. Det er ikkje påvist sikre dyrkingsspor seinare enn eldre bronsealder, men C14-sekvensen frå dyrkingslaga indikerer at jorda framleis var dyrka, truleg fram til og med førromersk jernalder. I tillegg til dyrking og jordbruksdrift, kan funn av brente bein av storfe datert til eldre bronsealder, indirekte vise til agro-pastoral økonomi. Stolpehol fekk spreidde C14-dateringar innanfor seinneolitikum og bronsealder. Det vart ikkje påvist sikre stolpebygde bygningar, men eitt område med stolpehol er vurdert som sannsynlege bygningsspor etter ein stolpebærande konstruksjon med grøft. Av diagnostiske gjenstandsfunn fanst fragment av ein flintsigd, ein bladforma pilspiss og ni moglege nøklegårdspissar. Den påviste aktiviteten innanfor denne fasen, viser at Husebyjordet var del av eit gardsmiljø. Resultata frå denne aktivitet- og busetnadsfasen, representerer veldaterte funn frå tidleg agrarbusetnad i Sandefjord.
Den siste aktivitetsfasen er tidfesta til yngre jernalder med dateringssekvens frå 657- til 1156 e.Kr., til periodane merovingartid, vikingtid og tidleg mellomalder, men med eit tydeleg tyngdepunkt i vikingtid. Frå denne aktivitetsfasen har det lukkast å påvise sannsynleg dyrkingsaktivitet på Husebyjordet, men ingen spor etter bygningar eller gardsbusetnad. To bein av tamsvin fekk overlappande C14-dateringar til merovingartid og vikingtid. Funn av brente bein etter husdyr er sannsynlegvis matavfall, eventuelt vidare nytta til gjødsling av jorda.
Elles vart det påvist enkelte aktivitetsspor utanfor påviste aktivitetsfasar. Det er mellom anna samla inn keramikk frå eit kulturlag, frå inntil tre leirkar av typar vanleg i eldre jernalder, mellom 500 f.Kr og 400 e.Kr. To kokegroper er datert til seinmellomalder og nyare tid.