Kva er arkeologi?

Arkeologi er studiet av menneskes liv, kultur og historie på grunnlag av fysiske leivningar, spesielt slike som kan finnast i jorda. Arkeologi ligg nær antropologi og historie, men også kunsthistorie.

Bildet kan inneholde: tilpasning, hånd.
  • Populærkulturen framstiller ofte arkeologane som skattejegerar på eventyrlege ekspedisjonar til eksotiske stader. Verkelegheita er nok meir jordnær, og dei fleste arkeologar grev ut lokalitetar i våre nærområde. Likevel er jakta på spor etter fortida spennande, og spørsmåla mange. Korleis levde menneska før oss? Korleis budde dei? Kva trudde dei på? Kven hadde makt, og korleis blei den utøvd?
  • Arkeologiens materiale kjem fram ved registreringar, innsamlingar og særleg ved arkeologiske utgravingar. Datering av funnmaterialet er ein viktig del av faget. Sidan 50-talet har radiokarbondatering spela ei stadig større rolle. Funna blir gjerne ordna etter kva tidsaldrar dei er datert til, vanlegvis steinalder, bronsealder, jernalder (med vikingtid) og mellomalder.
  • Tolkinga av det arkeologiske materiale blei tidlig prega av historiske og etnografiske vurderingar, seinare har sosialantropologi, sosiologi, språkfilosofi og litteraturvitskap fått stor innverknad.
  • Arkeologisk materiale i form av oldfunn og faste kulturminne frå oldtid og mellomalder er freda etter Lov om kulturminner. Arkeologiske samlingar finst ved universitetsmusea, der Kulturhistorisk museum har ansvaret for Sør- og Austlandet. Funna frå vikingtidas store skipsgraver på Gokstad og Oseberg har vakt størst merksemd. Museet har også ein del arkeologisk materiale frå andre landsdelar, og frå Middelhavslanda.

Ötzi – Ismannen frå Alpane

Utstillinga opnar eit vindauge mot fortida, fortel historia om den 5.300 år gamle ismannen og gjev eit spennande innblikk i kva moderne forsking kan fortelje om verdas eldste mumie.

Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig

Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.

Isens arkeologi – Funn frå fonner i fjellet

Klimaendringane gjer at snøfonnene i høgfjellet minskar raskt. Gjenstandar som har ligge skjult i isen i mange hundre, kanskje i fleire tusen år, kjem for ein dag og blir fort øydelagt.

Forskingsprosjekt

Forvaltingsutgravingar

Kulturhistorisk museum utfører kvart år mange utgravingar som er ledd i større utbyggingsprosjekt.

Les meir

Lurar du på korleis arkeologiske gjenstandar blir tatt vare på i museet?

Sjå også