Rekonstruksjon av kjortelen

Saman med Norsk Fjellmuseum laga vi i 2014 to rekonstruksjonar av kjortelen frå Lendbreen. Den eine for å visast fram i Lom, den andre for å visast i utstillinga Ta det personlig, som stod i Historisk museum fram til juni 2016.

Kjortelen er eit godt eksempel på fortidas utnytting og bruk av ull. Gjennom rekonstruksjonsprosessen lærte vi meir om korleis kjortelen var spunne, vove og sauma, og kor mykje tid som blei investert i førhistorisk tekstil og produksjon av klede. I menyen til venstre finn du ulike trinn i dette arbeidet.

Rekonstruksjonen er utvikla i samarbeid med Selbu Spinneri

Sjå filmen om korleis kjortelen blei rekonstruert

 

Publisert 28. aug. 2014 11:03 - Sist endra 14. des. 2020 09:16