Sanking av ull

For å lage ein kjortel som var mest mogeleg lik originalen, trong vi ull som likna på den som blei brukt i jernalderen. Til dette prosjektet valde vi å bruke ull frå gamal norsk sau, populært kalla villsau. Villsauen liknar på fleire måtar den opphavelege korthalesauen som ein hadde i Noreg i førhistorisk tid.

Vi var på Hareidlandet hjå sauebonde Alv Ottar Folkestad, som hadde ein nydeleg flokk villsau. Det er ull frå desse dyra som vi brukte i rekonstruksjonane. 

Villsauane har ull i mange naturlege fargenyansar, frå sauekvitt via gråblått til bruntonar og nesten svart. Det var ein stor fordel for oss når vi skulle plukke ut naturlege fargenyansar i brunt og sauekvitt til kjortlane som skulle lagast.

 

Flokken går ute heile året. Væren Doffen er sjef.

 

Ulla frå villsauen er todelt, med fin og mjuk botnull og grovare dekkhår.

 

Villsauene til Alv Ottar feller ulla naturleg mot slutten av våren. Her ser vi ein som er tidleg ute og har fått ein stor bar flekk på ryggen.

 

Når sauene er klare til å felle ulla, set Alv Ottar i gang med «nappinga». Sauene blir altså ikkje klipt, men den lause ulla blir forsiktig dratt av for hand.

 

Sauene virkar veldig fornøgde med å få litt hjelp til å kvitte seg med vinterfrakken. Her er det ein som akkurat er ferdignappa. Eit fint lag av dekkhår blir sittande att.

 

Og vi har samla ein haug med flott ull til rekonstruksjonsprosjektet!

Publisert 28. aug. 2014 10:52 - Sist endra 8. apr. 2020 10:50