ViS - Frukostseminar 14. januar med Lars Erik Gjerpe
ViS-gruppa inviterer til morgonkaffi og fagleg oppdatering om ny forsking, nye utgravingsresultat og nye funn frå vikingtid ein gong i månaden. Frukostseminara er eit sosialt møtepunkt for alle som er interessert i vikingtid, og opne for alle.
I seminarrommet i St. Olavsgate 29, kl. 9.00-10.30.
Lars Erik Gjerpe opnar vårens rekkje av frukostseminar. Han vil servere "Monumentale løgner. Utkast til ein orwellsk arkeologi". Om Gullis biografi, forskjellen på historie og kollektive minne og kanskje litt om løgnaktige bastardar.
Lars Erik er fyrsteamanuensis i Arkeologi ved Kulturhistorisk museum og leiar store arkeologiske utgravingsprosjekt i samband med utbygging av E-18.
Publisert 17. des. 2019 11:29
- Sist endra 28. apr. 2020 07:40