English version of this page

Centre for Viking-Age Studies (ViS)

ViS arbeider med ei rekkje prosjekt innanfor vikingtid, og siktar mot å undersøkje dei gjennomgripande endringane som fann stad i dei skandinaviske samfunna i perioden 700-1100. Mobilitet, økonomi, teknologi, identitet, etnisitet, demografi og sentralisering er sentrale stikkord for vår forsking.

Skandinavias største gullskatt frå vikingtid er funnen i 1834 på garden Hon (Hoen) i Øvre Eiker, Buskerud. Skatten, som veg over 2,5 kilo, er lagt ned ein gong i siste fjerdedel av 800-åra. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Eirik Irgens Johnsen.

ViS utgjer eit av Europas største forskingsmiljø på vikingtid. Vår målsetjing er å bidra til innsikt, forståing og fagleg forankra formidling av vikingtida basert på studiar av materiell kultur, tverrfagleg samarbeid og tverrvitskapeleg metodeutvikling. Senteret rommar i dag spesialistar på materiell og visuell kultur, numismatikk, runologi, skipsteknikk og lovdata.

KHM har ei av verdas største samlingar av gjenstandar frå vikingtid, og utfører årleg fleire undersøkingar av lokalitetar frå perioden. Ei viktig målsetjing er å aktivisere det omfattande og stadig veksande vikingtidsmaterialet frå Kulturhistorisk museum sine utgravingar og samlingar. Vikingtida er i våre perspektiv ein del av breiare samfunnsendringar, og fleire prosjekt handlar om tidsrommet frå ca. 550-1200. Med dette utgangspunktet arbeider vi med prosjekt som handlar om mobilitet og nettverk, identitetsdanningar og sosial organisering, teknologi og råvareutnytting, politisk sentralisering og relasjonen mellom Skandinavia og Europa.

Vi er aktive partnerar i samarbeidsprosjekt, i publikasjonar og konferansar, og har eit omfattande nettverk med andre forskarmiljø i Europa. Som del av eit forskingsmuseum, er formidling og publikumskontakt ein sentral del av våre aktivitetar. Gruppas medlemmer opptrer ofte i media og med offentlege foredrag, i opne publikumstiltak, og kuraterer utstillingar.

ViS blei stifta i 2010 og var i 2012 finalist i tildelinga av eit Senter for fremragende forskning. I Humeval-evalueringa i 2017 blei ViS vurdert som eit av dei leiande humanistiske forskingsmiljøa i Noreg. ViS er fagleg ressursgruppe for Delprosjekt Nye utstillingar, i planlegginga av Nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy (planlagt opning ca. 2025).

Publisert 16. feb. 2015 09:25 - Sist endra 13. mars 2021 19:24