Kva er numismatikk?

Numismatikk er vitskapen om mynt, myntbruk og myntvesen. Faget omfattar også medaljar, jetongar, setlar og andre pengeliknande objekt.

Bildet kan inneholde: mynt, penger, valuta, metall, gull.
  • Numismatikken ligg nær arkeologi og historie som fag. Numismatiske gjenstandar kan vera både arkeologiske og historiske kjelder. Myntar er ofte viktige for dateringar i arkeologiske utgravingar. Samtidig er alle myntar også historiske dokument utstedt av ein autoritet. Gjennom skrift, bilete og form gjev myntane viktig historisk kunnskap.
  • Som studiefag fell numismatikk inn under arkeologi- og historiefaget. Myntkabinettet ved Kulturhistorisk museum er landets einaste forskingsinstitusjon for numismatikk, med representative samlingar, bibliotek og lovpålagt ansvar for numismatiske funn.
  • Numismatisk forsking tek for seg ei rekkje tema, frå metallanalysar av enkeltmyntar til vide studiar av nasjonar og rikes økonomi og myntbruk.

Samlingar

Vil du sjå fleire av museets myntar?