Antikken

Bildet kan inneholde: kolonne, arkitektur, historisk sted, nasjonalt historisk landemerke.
  • Antikken er perioden frå ca. 700 f.Kr. til 500 e.Kr., då gresk og romersk kultur og samfunnsliv dominerte i Middelhavsområdet.
  • Antikken såg etableringa av dei fyrste demokrati (sjølvstyrte bystatar), Aleksander den store sine erobringar heilt til India, og Romerrikets veldige dominans gjennom fleire hundreår.
  • Antikken blir ofte kalla den «vestlege sivilisasjonens vogge», og periodens vitskap, språk, kultur og økonomi har hatt sterk påverknad på europeisk kultur og utvikling i brei forstand.
  • Antikkforskinga har med tida dreidd meir bort frå studie av praktbygg og høgdepunkt innan periodens kunst, til å fokusere på daglegliv, sosiale forhold, økonomiar og kulturmøte.

Antikkens verd

Museet har landets største og mest allsidige antikksamling.

Dødskult i antikken

Utstillinga viser glimt frå det gamle Persarriket - opptil 3000 år gamle gjenstandar som vakre smykke, tøy, ei opiumspipe med opium og nydelege, verkeleg gamle fargelagde teikningar.

Mumiekiste ut av mørket

Vi stiller ut mumiekista vår, som har vore lagra i museets magasin i mange år på grunn av plassproblem.

Mumien lever

Fire kistesett frå prestegrava i Deir el-Bahari blei i 1893 gjeve til Kong Oscar II av Sverige-Noreg, ein ivrig antikvitetssamlar med spesiell forkjærleik for Det gamle Egypt.

Glimt frå fortidas Persia

Utstillinga viser glimt frå det gamle Persarriket.

Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig

Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.

Forskingsprosjekt