Vikingtid

Vikingtida varte frå siste halvdel av 700-talet til siste halvdel av 1000-talet. Det var ein kort, men intens periode.

  • Arkeologiske funn fortel om eit samfunn i endring både politisk, religiøst, teknologisk og sosialt.
  • Vikingane var glade i å reise. Dei reiste raskt, langt og sikkert i sine fantastisk gode skip. Vikingane reiste på tokt til store delar av den nordlege halvkule. Dei plyndra, handla og fann nytt land der dei slo seg ned.

Isens arkeologi – Funn frå fonner i fjellet

Klimaendringar gjer at snøfonnene i høgfjellet minkar. Utstillinga viser fleire av gjenstandane som har smelta fram frå isen dei siste åra.

Horsepower – Oldtidshesten i myter, kult og krig

Opplev hestens kulturhistorie frå dei tidlegaste tidene og fram til norsk mellomalder, og oppdag kvifor hestar + menneske = sant. Møt gudanes, herskeranes og ikkje minst vikinganes hestar i denne stemningsfulle utstillinga.

Kyss meg – Runenes verd

Runer har vore i bruk som skriftteikn i Noreg i nesten 2000 år. Innskrifter med runer er dei tidlegaste eksempla på bruk av germansk språk i Skandinavia.

Kaupang – Vikingbyen

Kaupang – vikinganes by presenterer spennande resultat og funn utgravingane i Kaupang i Vestfold som fann stad i 2000-2003. Bli kjend med vikingbyen med sine innbyggjarar, handelsfolk og handverkarar.

Osebergfunnet 100 år

Osebergfunnet 100 år. Kva har skjedd med Osebergfunnet frå det blei funne i 1904 og fram til hundreårsjubileet i 2004?

Levd liv

Møt menneska som blei gravlagde i Oseberg- og Gokstadskipet.

Vikingskipa i museets samling

Fleire samlingar frå vikingtid