Kvifor dokumenterar vi med 3D?

Då Oseberggrava blei opna i 1904, viste det seg at den inneheldt både mykje rik treskurd og mange unike bruksgjenstandar, som knapt er kjent frå noko anna funn frå vikingtida, slik som møblar, reiskapar og skipsutrusting. 200 av desse gjenstandane blei konservert med alun, og desse er i dag i dårleg stand.

Bildet kan inneholde: gulv, gulv, rom.

3D-fotografering i laboratoriet på Vikingskipshuset. Foto: Mårten Teigen, KHM/ UiO.

Dokumenterer i tilfelle vi mistar dei

Hausten 2012 byrja Kulturhistorisk Museum ein omfattande, tredimensjonal dokumentasjon av desse. Gjennom 3D-dokumentasjonen vil vi sikre at gjenstandane kan reparerast eller skapast på nytt i kopi, dersom dei skulle bli skadd eller øydelagt.

Skannar gjenstandane

Dokumentasjonen skjer ved hjelp av såkalla optisk skanning. Ein projektor kastar ljos over gjenstanden med skiftande mønster, og desse bli fotografert av to kamera som «ser» mønstra frå to ulike vinklar. Ei datamaskin bereknar deretter gjenstandens overflate ved å samanlikne dei to fotosetta. Ved hjelp av målepunkt som blir plassert på eller omkring gjenstanden kan overflater «sett» frå ulike vinklar kombinerast, og heile gjenstanden dokumenterast. Dei same målepunkta kan også brukast til å kombinere den skanna overflata med fotografi, slik at også gjenstandens fargar kjem med i 3D-dokumentasjonen.

Svært nøyaktig

Optisk skanning er ein svært nøyaktig måte å dokumentere på. Avhengig av storleik og detaljeringsgrad på dei enkelte gjenstandar kan vi måle opp til 2500 punkter per kvadratmillimeter – i dei fleste tilfelle rekk det likevel med omkring 60 punkter per kvadratmillimeter. Dei mange punkta blir rekna saman til eit nettverk av trekantar, som definerer overflata. Kvar trekant har sider på bare nokre tiandedels millimeter, og dannar ein liten bit av overflata i 3D-modellen av gjenstanden. Kvar liten trekant får sin eigen fargeverdi.

Krev lite handtering

Optisk skanning med fargeregistrering har nokre store fordelar som dokumentasjonsmetode. Det er ein relativt rask og veldig nøyaktig metode, som berre inneber eit minimum av handtering av dei skrøpelege gjenstandane. Dessutan kan 3D-modellane som er resultatet brukast til ei rekkje formål. Gjenstandanes dimensjonar kan enkelt målast på modellane, og volum og overflate kan bereknast eksakt – noko som kan vera viktig i konserveringssamanheng. Samtidig kan modellane også nyttast til automatisert framstilling av kopiar, anten i plast eller ved fresing i tre. Og endeleg kan dei via internettet gjerast tilgjengelege både for forskarar og for alle andre, som har lyst til å sjå korleis desse gjenstandane eigentleg ser ut på baksida.
 

Her kan du sjå eit lite utval av 3D-modellane
 

Av Jan Bill
Publisert 31. okt. 2012 11:27 - Sist endra 28. apr. 2020 07:42