English version of this page

Myntkabinettet

I dag rommar samlinga over ein kvart million objekt frå heile verda og alle historiske epokar. Blant objekta som har kome til i åras løp er blant anna Fridtjof Nansens og Roald Amundsens samlingar av medaljar og ordenar.

Myntkabinettets utstillingssal i Historisk museum 1923.

Universitetets Myntkabinett blei etablert i 1817 då 6000 antikke myntar blei kjøpt inn frå De kongelige samlinger i København på initiativ av eidsvollsmann og professor i gresk Georg Sverdrup. Under samlingas andre styrar C.A. Holmboe, 1830-1876, auka storleiken frå 9000 til over 43 000 gjenstandar. Fleire av våre største skattefunn frå vikingtid og tidleg mellomalder kom til museet i denne perioden, blant anna Dælifunnet og Årstadskatten.

Nansens og Amundsens samlingar

Sidan 1920-talet har samlinga vakse gjennom funn, donasjonar og innkjøp. Blant dei viktigaste samlingane som har kome inn er Fridtjof Nansens og Roald Amundsens samlingar av medaljar og ordenar, og Frederik Schjöths samling av kinesiske myntar. I dag rommar samlinga over ein kvart million objekt frå heile verda og alle historiske epokar.

Den antikke myntskatten

Viktigast er dei 20 000 greske og romerske myntane, over 5000 europeiske vikingtidsmyntar og drygt 20 000 norske vikingtids- og mellomaldermyntar frå skattefunn og funn under norske kyrkjegolv. I tillegg husar museet internasjonalt viktige samlingar av norsk- og europeisk mynt frå nyare tid, pengesetlar og medaljar og ordenar frå heile verda.

Staten er eigar

Kulturminnelova av 9. juni 1978 gjev Staten eigendomsrett til myntfunn. Dette gjeld alle myntar eldre enn 1650. Ved funn av slike myntar pliktar ein å rapportere dette til Fylkeskommunen, politiet eller direkte til Kulturhistorisk museum.

Eksportløyve

Ynskjer ein å ta med seg myntar ut av Noreg, må det søkjast om eksportløyve for alle myntar eldre enn 1537. Unntaket er myntar som er importert til landet etter 1950, og som har gyldig eksportløyve frå opphavslandet. Dette gjeld også nokre få myntar, medaljar og ordenar frå nyare tid som har nasjonal verdi. Det er utarbeidd ei eiga liste over desse.

Les meir

Utforsk videre

Besøk Unimusportalen for flere gjenstander og foto.

Publisert 14. nov. 2012 18:39 - Sist endra 3. feb. 2021 08:07